AddToAny

Svein Stølen seier ja til attval som UiO-rektor neste år

Svein Stølen seier ja til attval som UiO-rektor neste år
- Eg vil forsøkja meg på ein ny periode som rektor, men korleis rektorlaget mitt blir, vil eg ikkje avsløra enno. Det seier UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum.
Han synest rektoratet hans har fått gjennomført mykje sidan dei overtok i august 2017.

Uniforum møter rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo på ein tyrkisk restaurant på Tøyen Torg i Oslo aust. Langt frå Blindern, men med kort veg til Naturhistorisk museum og Botanisk hage. Den første feriedagen sin brukar Svein Stølen på ein tur til Oslo aust for eit intervju med Uniforum.

Dei siste tre månadane har vore prega av koronapandemien også på Universitetet i Oslo. Dei tilsette har i stor grad jobba heimanfrå, medan studentane har hatt digitale førelesingar. Men erfaringa med brått å ha blitt rektor for eit digitalt universitet, har ikkje gjort Svein Stølen mindre lysten på å halda fram i rektorrolla også etter rektorvalet i 2021.

- Ja, eg vil jo forsøkja. Eg tenkjer at dette er ein jobb med stor meining. Og eg synest me har gjort ein god jobb og fått til mykje. Me har tatt mange initiativ som utviklar seg vidare. Og me treng meir tid på dei initiativa me har tatt. Først og fremst er det satsinga vår på utdanning. Der føler eg at me verkeleg har fått samtalen på Universitetet i Oslo til å handla meir om utdanning på ein heilt annan måte enn før. Studentane legg dei beste åra av livet sitt i hendene våre, og då er det viktig å gi dei ei god utdanning. Og eg synest verkeleg me har fått til eit endå betre samspel med resten av samfunnet, slik me lova i rektorvalkampen i 2017, understrekar Svein Stølen, og nemner både Oslo Science City, Oslo universitetssykehus, Oslo kommune og SINTEF som gode regionale samarbeidspartnarar.

No ser Universitetet i Oslo vidare mot Europa.

- Universitetssamarbeidet «The Guild» har me utvikla til ein organisasjon med sterk påverknad i europeisk forskingspolitikk. Og no håpar me å få til støtte til det europeiske universitetsinitiativet Circle U. Det handlar i stor grad om utdanning, seier han.

- Eg tenkjer at det er viktig med eit val og eit reelt val

Men Svein Stølen kan ikkje svara på om han får med seg heile rektorlaget sitt inn i ein ny rektorperiode.

- I første omgang får me seia at det kjem eit rektorlag. Så får me finna ut korleis det blir, seier han løyndomsfullt.

- Då håpar du vel også at du får ein motkandidat sidan du er veldig for vald rektor?

- Eg tenkjer at det er viktig med eit val og eit reelt val. Så er det vanskelegare å stilla mot ein sitjande kandidat enn å vera kandidat når ein rektor går av. Me veit av erfaring at det er vanskelegare for kandidatar å stilla i slike mellomval. Eg er overtydd om at UiO også vil ha rektorval i framtida, og at det vil vera stor interesse for det, gjer han klart overfor Uniforum.

Då lovar han å setja fullt trykk på arbeidet med klima- og miljøstrategien til UiO.

-

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt