AddToAny

Svein Stølen: - Me jobbar hardt på UiO for at det skal vera høgt under taket her

Både rektor Svein Stølen og Åse Gornitzka håpar på lysare tider i 2022. - Men det lovar ikkje godt med det tronge budsjettet UiO får, konstaterer UiO-rektoren.
Fire dagar før jul bad Uniforum rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka om å koma med sine refleksjonar av 2021 og visjonar for 2022. Koronapandemien, Oslo Science City, livsvitskap, utkast til klima- og miljøstrategi og behovet for auka merksemd rundt forsking, er ting dei kjem inn på i intervjuet med Uniforum.

Det siste året har vore prega av koronapandemien, noko Svein Stølen også først grip tak i.

- Det er ikkje enkelt eller hyggeleg å leva i ei tid med korona. Det er utfordrande. Så det har vore eit krevjande år. Året starta med at universitetet i stor grad var stengt ned, og me avsluttar også året med at det er stengt litt ned. I ein periode var det krevjande både å vera student og tilsett her. På mange måtar har det prega året, tykkjer han.

Han er imponert over korleis studentar og tilsette har takla det.

- Tolmodet frå studentane og dei tilsette sin energi og vilje til å bidra har gjort at me har kome godt gjennom det. For det er mykje å gleda seg over i løpet av dette året, slår han fast.

- Men det har vore tøft

Og prorektor Åse Gorntitzka synest det viktigaste dei har klart å få til, er stort sett å ha hatt høg aktivitet på universitetet.

- Me har ikkje fullt oversyn over konsekvensane av det me har vore gjennom, men det at me har klart å halda universitetet ope er bra. Dei resultata me har sett siste året, har heller ikkje vore så verst. Men det har vore tøft, vedgår prorektoren.

Begge er opptekne av posisjonen forskinga har fått i kampen mot koronapandemien.

- Ei av dei tinga me vil vera opptekne av i året og åra som kjem, er rolla til forskinga. Mykje av debatten i sektoren handlar om utdanning, det regionale og arbeidslivet sitt kortsiktige kompetansebehov. Me tenkjer at det er viktig å snakka og argumentera endå meir om forsking og kva den bidrar med. For sanninga er at forskinga har vore viktig både i 2020 og i 2021 for å møta pandemien, seier Svein Stølen.

Prorektor Åse Gornitzka fylgjer opp med å visa til EUs mål for å skapa interesse for forsking.

- I EU opererer dei med missions for å få opp entusiasmen for forsking blant den vanlege borgaren. Og så kom jo pandemien. Då blei dei brått heilt openbert kvar forskinga hadde å bidra med. Då sprang ein jo til forskinga med ein gong. Entusiasmen for og heiaropa til forskinga var svært høglydte då pandemien trefte oss. Sånn sett blei EUs månelanding for å skapa engasjement rundt forsking, nådd med pandemien, konstaterer ho.

Åse Gornitzka ser eit triangel som er knytt tett saman.

- Det at ein snakkar om forsking og ser koplinga mellom tiltak, politikk, og forskingsresultat, men også tar ein samtale om uvissa rundt forskinga og forskinga sin natur, er viktig. Det er ikkje minst viktig å argumentera for den grunnleggjande forsk

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt