Khrono
15.11.2019
Studenttinget ved Høgskulen i Molde har samrøystes fatta førstegongsvedtak om å melde seg ut av Norsk studentorganisasjon (NSO).
Alle dei 14 studenttingsmedlemmane som møtte opp på møtet onsdag, gjekk samrøystes inn for å melde Studenttinget ved Høgskulen i Molde ut av Norsk studentorganisasjon (NSO).
Les merForslaget kom på dagsorden allereie i april, då ein student bad Studenttinget fatte vedtak om utmelding. Den gong vart vedtakssaka utsett og den nye leiaren i styret for Studenttinget, Markus Lilleheil, valde å utsetje ho enno litt lenger, slik at nye medlemmar først skulle bli betre kjende med NSO.
Gjekk mot styret si innstilling
Likevel valde eit samrøystes Studentting å fatte eit såkalla førstegongsvedtak om å melde seg ut av NSO. Dette trass i at styret si innstilling var at Molde-studentane framleis skulle vere NSO-medlemmar.
Styreleiar Markus Lilleheil seier det vart mykje diskusjon då vedtaket skulle fattast. Men han trekk fram ei hovudårsak til