AddToAny

Stipendiatar er mest utsette for seksuell trakassering i akademia

Stipendiatane er tre gonger meir utsette for seksuell trakassering i akademia enn andre tilsette. - Det er urovekkjande, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
299 tilsette ved universitet og høgskular melder at dei har opplevd seksuell trakassering på jobb det siste året. Det viser ei kartlegging som analysebyrået Ipsos har gjort på oppdrag frå Universitetet i Agder, Universitetet i Oslo og Kunsthøgskulen i Oslo. Det er 2249 stipendiatar mellom dei 18 000 tilsette som har svart på undersøkinga. Samla utgjer dei 12,5 prosent av alle dei som har svart.

18 valdtekter

Av dei 299 personane som gir opp at dei er blitt utsette for seksuell trakassering, er 69 stipendiatar. Det vil seia 23 prosent av dei som melder om seksuell trakassering, medan dei berre utgjer 12,5 prosent av dei som har svart.

Til saman har 18 personar rapportert om at dei er vortne truga eller pressa til seksuell omgang. Sju av dei er stipendiatar, viser undersøkinga frå Ipsos. Til saman blei spørjeskjemaet sendt ut til 43 000 tilsette i universitets- og høgskulesektoren og 43 prosent av dei svarte.

- Urovekkjande

Forskings- og høgare utdanningsmiinister Iselin Nybø er spesielt rysta over tala som viser kor utsette stipendiatane er:

- Eg synest det er urovekkjande. Stipendiatane våre er meir sårbare og utsette enn andre tilsette. Dei er i større grad avhengige av rettleiarane sine og av overordna. Eg er skuffa over at me får slike tal etter at me har hatt #metoo-kampanjen og eit tid der det har vore store merksemd rundt denne typen oppførsel. Og me er alle einige om at slik vil me ikkje ha det i sektoren vår, slår ho fast.

Iselin Nybø er godt nøgd med at tala no ligg på bordet.

- Eg er glad for at denne undersøkinga er gjennomført. Den viser at me framleis har utfordringar og at me har ting å jobba med. Det skal me gjera.

- Og korleis trur du at det skal vera mogleg å hindra at slikt skjer

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt