Campus Rauland, er ein av dei åtte studiestadene til Universitetet i Søraust-Noreg, og den minste campusen i landet, målt i studenttal.
12. mars 2020 måtte campus Rauland, i likskap med resten av utdanningssektoren i Noreg, stenga ned. Utfordringane i kø.
- Det er det ingen tvil om. Alle studieprogramma på Rauland er avhengige av fysisk nærvære. Det var ikkje berre å senda heim studentane og seia «følg med på Zoom». Me måtte vera kreative. Veldig kreative, understrekar Roland.
Studentane stortrivast
Khrono vitjar Rauland ein vakker haustdag i midten av september. Studentane, om lag 120 i talet, er tilbake på campus. Haavard Lund Sunde Løftingsbakken (28) og Astri Sofie Heen (22) har teke plass i solveggen på vestsida av campus.
Førstnemnde studerer instrumentmaking på andre året, medan Heen er i gong med det andre året på tekstilstudiet. Dei har aldri har angra på at dei flytta til Rauland for å studera.
- Eg kunne ikkje tenkt meg å vera nokon annan stad i verda, seier Løftingsbakken.
- Det er veldig herleg å bu her. Sjå rundt deg, då, repliserer Heen.
Blei stressa då alt stengde ned
- Det at me er såpass små, gjer det enklare å ha eit samla miljø. Ein blir godt kjend med dei fleste. Me som studerer her er interessert i veldig mykje forskjelleg, seier Løftingsbakken.
Heen skryt over det tette og nære studentmiljøet.
- Det er alltid noko som skjer her. Me arrangerer studentkveldar med bret