AddToAny

Skipsgrava frå Gjellestad i Halden kan vera 1200 år gammal

Skipsgrava på Gjellestad i Halden er frå tida mellom år 700 og 900 e.Kr. Det viser årringsdatering frå kjølen til skipet. Soppangrep har ført til store skader og Kulturhistorisk museum rår derfor til at det straks vert starta utgraving av skipet.
Det er prøven av kjølen til skipet som gjorde det mogleg å finna ut maksimumsalderen for skipet ved hjelp av årringsdatering (dendrokronologi).

I fylgje undersøkinga frå Kulturhistorisk museum ved UiO svarar årringsmønsteret i denne delen av kjølen til vekstmønsteret for eik i perioden 603 -724 e.Kr. Prøven viser også at eika ikkje har vakse på Austlandet, men har kome frå Agder eller Sogn og Fjordane. Det viser at skipsgrava er frå tidleg vikingtid nett som Osebergskipet, Gokstadskipet og Tune-skipet, er konklusjonen til arkeologane.

Oppdaga med georadar

Det var oktober 2018 nyhendet kom om at det var gjort eit funn av noko som kunne vera eit vikingskip på Gjellestad i Halden kommune. Forskarar frå Norsk institutt for kulturminneforskning, NIKU, hadde gjennom målingar med georadar oppdaget ei tydeleg skipsform under bakken. Dei hadde også oppdaga stolpehol og avtrykk etter langhus, men også fleire mindre gravplassar. Utgravingane, som er eit samarbeid mellom Kulturhistorisk museum og Østfold fylkeskommune (no Viken fylkeskommune), starta opp i august i fjor. Museet har hatt hovudansvaret for funna knytte til skipet, medan fylkeskommunen har hatt ansvaret for utgravingane av dei andre funna.

Laga ei sjakt på 22 meter

Arkeologane frå Kulturhistorisk museum gjennomførte ein grundig gjennomgang av korleis funnet på Gjellestad såg ut. Det gjorde dei ved å laga ei sjakt på 22 meter frå rett aust for skipet til utkanten av ruinen frå haugen i vest. Sjakta fylgde ei dreneringsgrøft som skar inn i skipet og slutta inn i dette, går det fram av i eit presseskriv frå Kulturhistorisk museum og ein presentasjon som prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud gjorde på ein pressekonferanse i Klima- og miljødepartementet i dag.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt