I 2018 gav OECD-landa til saman 153 milliardar dollar i bistand. Det tilsvarar omtrent eit norsk statsbudsjett. Medan dei fleste landa har blitt mykje mindre bistandsavhengige dei siste 20 åra, er det framleis nokre fattige og sårbare land som heng etter. Spørsmålet er: Korleis kan land bli mindre avhengige bistand?
- Viktig verkemiddel
Bistandsaktuelt har snakka med tre norske ekspertar. Alle trekker fram skatt som sentralt for å gjera landa mindre bistandsavhengige.
- Det er blitt ei større erkjenning av at bistand har sine avgrensingar. Det er ressursane til kvart enkelt land som er grunnlaget for utvikling. Skatteinntekter er sjølve fundamentet for både utvikling og demokrati, seier Trond Augdal, seniorrådgjevar i Norad.
I internasjonal utviklingsdebatt er det no eit mykje skarpare fokus på at utviklingsland, også i Afrika, sjølv må bidra med ein større del av finansieringa av utvikling, som til dømes helse og utdanning.
Milliardar å henta
Augdal peikar på at skatt både globalt og regionalt i utviklingsregioner er ei mykje større inntektskjelde enn bistand. Dessutan har skatt eit demokratisk potensial i at inntektene blir fordelt gjennom parlamentas diskusjonar og vedtak om årlege budsjett.
Det er noko av bakgrunnen for Norad-programmet Skatt for utvikling som har som mål å styrka utviklingsland sine skattesystem.
- Tilsette frå Skatteetaten i Norge jobbar skulder til skulder saman med skattemyndighetene i andre land. Byråkratane gjev råd i konkrete casar. Me fokuserer i første rekke på dei største skattebetalarane - store selskap og rike individ. Men det er også viktig å utvida talet på personar og selskap som betalar skatt, seier Augdal.
I ein tidlegare fase vart norsk skattebistand i hovudsak kanalisert via bilaterale progra