AddToAny

Skal snike kunst inn i EUs rammeprogram for forsking

Skal snike kunst inn i EUs rammeprogram for forsking
EUs neste rammeprogram for forsking er i støypeskeia. Norske aktørar vil vere med på å påverke blandingsforholdet.
- Alle som jobbar med kunstnarisk utviklingsarbeid, ser problemet: Vi treng, som alle andre, å auke den eksterne finansieringa. Men kunstnarisk utviklingsarbeid er ikkje definert som ein vitskapsdisiplin som gjev høve til å søke pengar frå Forskingsrådet eller EUs rammeprogram. Det gjer det også vanskeleg for oss å vere ein attraktiv prosjektpartnar, seier Anne-Helen Mydland, professor og prodekan ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.

Det vil ho gjerne ha ei endring på. Difor arbeider ho no, medan Horisont Europa (HE) er under utforming, med å snike kunstnarisk utviklingsarbeid inn i rammeprogrammet der det går, på vegner av norske aktørar. Pengar til prosjektet kjem frå Forskingsrådet, som har utlyst midlar til å «stimulere til koordinert norsk deltaking på EU-arenaen». I Noreg er kunstnarisk utviklingsarbeid sidestilt med vitskapleg forsking i universitets- og høgskulelova, og det fekk sin eigen ph.d.-grad i 2018.

- Må forklare kva vi gjer

- For oss er dette ein pilot: Fakultetet for kunst, musikk og design vart oppretta ved UiB for fire år sidan. Kva sjansar skapar det for feltet? Det flotte ved å vere del av eit universitet, er at det er ein stor institusjon med erfaring i å arbeide med slike prosessar, vi har eit brusselkontor og eigne tilsette som jobbar mot Brussel. Så då må vi jo berre prøve, seier Mydland.

På vegner av eit samla norsk kunstforskingsfelt nyttar fakultetet no kontaktane sine i europeiske interesseorganisasjonar for utøvande og skapande kunstfag til å arrangere møte i Brussel med sentrale personar, og til å delta i dei offisielle kanalane der ein lagar innspel til arbeidsprogram og utlysingar.

- Mykje går ut på å forklare kva kunstnarisk utviklingsarbeid er. Dei fleste veit ikkje det, og då må vi jobbe med formidling og forklare korleis vi jobbar, seier Mydland.

Fagstrategisk arbeid

HE skal vedtakast til hausten, men i mellomtida blir det arbeidd med den strategiske planprosessen for implementeringa. Prosessen skal sjå til at HE støttar opp om andre EU-program og politiske prosessar, og til at det er samsvar mellom dei ulike arbeidsprogramma. Etter kvart kjem også arbeidet med å formulere dei konkrete utlysingane.

- Når vi ikkje har røysterett på det politiske nivået, blir det ekstra viktig for Noreg at vi er med på det fagstrategiske nivået, seier spesialrådgjevar for internasjonalisering i Forskingsrådet, Beate Kristiansen.

- Det er mange aktørar og eit brokete system, og det finst ulike vegar inn. Med denne utlysinga ønskte vi at søkarane skulle ta ei nasjonal rolle. Ikkje berre jobbe for si eiga interesse, for det finst det andre insentiv til, men løfte fram nasjonale samarbeidande interesser.

Så vonar ein at deltaking i utformingsarbeidet også gjev aktørane betre sjansar til å etablere samarbeid og skrive gode søknader når den tida kjem. Det er også eit mål for Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio), ein annan av søkarane som har fått midlar. Bioøkonomi er økonomi basert på fornybare biologiske ressursar.

Marknadsføre Trøndelag

- Vi har mange aktørar i Trøndelagsregionen som er gode på bioøkonomi, vi har komplette næringskjeder innan både havbruk, jordbruk og skogbruk, og vi har godt samarbeid aktørane imellom. Men mange av oss er lite involverte i prosjekt opp mot det inneverande rammeprogrammet, seier Lars Bendik Austmo, stasjonsleiar ved Nibio Steinkjer.

- Når vi ser kva som rører seg i Europa knytt til bioøkonomi og sirkulærøkonomi, så trur vi at vi sit på gode løysingar. Vi ønskjer å kople oss tettare på dei europeiske nettverka og bli med i konsortium. Saman med forskingsinstituttet Ruralis og Trøndelags europakontor vil Nibio difor etablere eit regionalt nettverk for bioøkonomi i Trøndelag som kan vere med på å påverke utforminga av Horisont Europa.

- Ideen er at dersom vi greier å gjere Trøndelag bioøkonomiregion til eit varemerke, så kan vi gjere nettverket kjent og kome inn på dei rette arenaene, både for å bygge samarbeid og for å påverke utlysingar.

Pengane frå Forskingsrådet er altså ikkje først og fremst tenkt til å utvikle bioøkonomien som bioøkonomi, men til å prøve ut korleis ein region kan posisjonere seg tematisk i høve til Europa.

Nettverksbygging

- Arbeidet har to løp: Det eine går ut på å jobbe regionalt for å kople alle aktørane, finne ut kva som er vår spesialisering, og kvar vi møter utfordringar i europeisk samarbeid. Og det andre skjer i Brussel, der europakontoret arbeider med å finne ut kven av dei ulike nettverka som er relevante for oss, frå nettverk for europeiske regionar, til spesialiserte konsortium for bioøkonomi og sirkulærøkonomi, seier Austmo.

Sjølv om det planlagde oppstartsseminaret i Trøndelag måtte utsetjast på grunn av koronaepidemien, går arbeidet likevel vidare og blir følgt med interesse av andre norske regionkontor i Brussel.

- Utanom fagkompetansen vår kan vi tilby erfaring med å involvere ulike interessentar - det at samfunnet skal vere kopla på forskinga, er eit tilnærming som er veldig aktuell i Europa. Det er ikkje nødvendigvis enkelt, men vi har allereie eit godt samarbeid mellom forsking og utdanning, næringslivet og det offentlege her i Trøndelag. Det kan vonleg vere attraktivt for Europa, trur Austmo.

Vil påverke språket

Mydland ved UiB fortel at dei mellom anna prøver å syte for at dokumenta som gjeld dei tematiske «klyngene» i rammeprogrammet, får eit språk som kan omfatte kunstfaga, slik at ein stiller sterkare ved framtidige utlysingar. Dessutan har kunstfaga eit stort behov for digital infrastruktur, og det vil kome utlysingar til infrastruktur i rammeprogrammet. Då gjeld det å prøve å bli inkludert.

- Skal vi kunne ta vare på forskingsarbeid, som store film- og musikkråfiler frå forskingsprosess til ferdig resultat, må infrastrukturen vere på plass. Krav til open forsking gjeld oss også. Det er noko dei europeiske systermiljøa våre også har bruk for. Når nokon om hundre år skal byggje vidare på forskingsarbeidet vårt, må materialet vere der. Så prøver vi også å tydeleggjere at kunstnarisk utviklingsarbeid må vere ein del av måten EU tenkjer om kreative næringar på, seier ho.

Ho sit sjølv i fleire arbeidsgrupper som utformar skriftlege innspel på vegner av europeiske interesseorganisasjonar for kunstfeltet.

- Det er første gong vi har sjansen til verkeleg å påverke slike prosessar, og det er svært interessant. I tillegg til å jobbe opp mot EU ser vi at dette også medfører litt internarbeid mot både Forskingsrådet og UiB, at dei blir kjende med oss på ein annan måte, seier Mydland.

Medverknad

I tillegg til å oppnå ei meir slagkraftig deltaking i HE med denne utlysinga vonar Kristiansen i Forskingsrådet at ein også kan få betre oversikt over status og korleis dei ulike aktørane jobbar.

- Det kan vi så ta med oss i det vidare arbeidet vårt med å stimulere og utvikle nasjonalt strategisk arbeid på EU-arenaen. Ho presiserer at målet er å medverke, ikkje berre posisjonere seg.

- «Posisjonering» er litt smalt og kan gje eit skeivt inntrykk av kva vi snakkar om. Mi erfaring er at i det lange løp blir ein betre posisjonert dersom ein er med på å gjere jobben, dra lasset, delta i skriving og koordinere seg godt, seier ho.

Image-text:

Bilete visa ein performance, som markerte avslutninga på det kunstnariske forskningsprosjektet «Synsmaskinen» ved Fakultet for kunst, musikk og design i 2018. Foto: Gard Andreas Frantzsen, KMD.

Extra-info:

Fakta Fakta om Horisont Europa: Hovudtrekka er klare etter forhandlingar mellom EU-kommisjonen, Rådet og Europaparlamentet. Programkomiteane er no i gang med å utvikle arbeidsprogram for dei ulike områda. Ein strategisk plan for dei første fire åra av programperioden blir publisert til sommaren. Planen er basert på ein omfattande medskapingsprosess med tusenvis av deltakarar. EU gjer endeleg vedtak il hausten, når det neste langtidsbudsjettet for unionen er klart.Startar opp 1. januar 2021.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt