Khrono
06.06.2020
Avdeling for mediefag, som har vore prega av konflikt det siste året, klarar ikkje å få ned sjukefråværet. I staden aukar det.
16,2 prosent sjukefråvær hadde Avdeling for Mediefag (AMF) ved Høgskulen i Volda første kvartal i år. Det betyr at sjukefråværet framleis går opp ved avdelinga. For fjoråret sett under eitt, var sjukefråværet på 9,98 prosent, men det var mykje større siste halvår enn første halvår.
Les mer- Me håpar og trur sjukefråværet vil gå ned i 2020, sa rektor Johann Roppen til Khrono i februar.
- Heilt sidan i fjor vår har me jobba breitt med arbeidsmiljøet, og sjukefråvær er ein del av det, seier Roppen no.
Har levert notat
5. juni i fjor fekk dei tilsette ved Avdeling for mediefag presentert ein rapport som var laga av Stamina Helse. Denne rapporten vart laga etter at ei arbeidsmiljøundersøking (Ark) viste at arbeidsmiljøet ikkje var fullt ut forsvarleg.
«Basert på samla tilbakemelding frå de tilsette, er det u.t. si vurdering at arbeidsmiljøet ved AMF medfører uheldig psykisk belastning for ein betydeleg del av de tilsette. Vi må derfor konkludere med at det etter samla vurdering