Rådgivar Trygve Torsteinsen har, saman med Olav Martin Synnes, NLR Vest, Are Johansen, NLR Nord Norge og Samson Øpstad ved Nibio Fureneset, skrive ei handbok i bruken av overskuddsmassar til jordbruksformål.
«Jordmasser - fra problem til ressurs» omfattar også ei rettleiing for offentleg forvaltning omkring same tema. Torsteinsen meiner det er mykje å følgje opp ved mottak av massar.
- Ein kan jo ikkje sjå kjemisk ureining, frå bilbatteri for eksempel. Det er utbyggar som har ansvaret for å sjekke utgravingsstaden, men ein må følgje med sjølv når ein tar imot massane. Ser eller luktar ein noko som er mistenkeleg, må ein ta prøvar og sjekke opp dette. Det er bonden eller grunneigaren som sit med massane. Han eller ho kan ikkje berre stikke av frå ansvaret, s�