AddToAny

- Set undervisinga ut til eksterne

Universitetet i Stavanger erstatta førelesingar i anatomi og fysiologi med digital læringsplattform. - Studentane var veldig nøgde med undervisinga, seier emneansvarleg Elisabeth Harbin
Det hastar med å få til ei storsatsing på eigenutvikla digitale læreverk ved universitet og høgskolar. Gjer ein ikkje det, vil kommersielle aktørar fylle tomrommet. Det er eitt av poenga frå debatten om digitale læreverk, som har gått i Forskerforum den siste tida.

Men slike eksterne aktørar er allereie på full fart inn i utdanningssystemet. Mange studentar betaler for private abonnement på digitale undervisingsopplegg i tillegg til undervisinga dei får ved lærestaden.

Ekstern anatomiundervising

Universitetet i Stavanger (UiS) sto brått utan faglærar i anatomi og fysiologi på bachelorstudiet i sjukepleie og paramedisin før sommarferien i fjor. Då valde dei å erstatte forelesingar med tilgang til den skandinaviske digitale læringsplattforma MedEasy for alle studentane på første og andre året. MedEasy tilbyr undervising i form av ei videolærebok der alle delar av pensum blir dekt av videoar, og studentane kan stille spørsmål og øve seg med informasjonskort og fleirvalsspørsmål.

- Opplegget vårt legg til rette for at institusjonane kan innføre «flipped classroom». Det gjer oss til det perfekte supplementet for institusjonane, ikkje ein konkurrent, seier fagansvarleg lege i MedEasy, Nils Christian Tvedt Karlsen.

«Omvendt klasserom» inneber at studentane lærer stoffet digitalt på eiga hand, og at den fysiske undervisinga blir brukt til spørsmål, oppgåver og dialog.

- Det vi brukte kreftene våre til, var å arrangere «anatomikafear» der studentane arbeidde med oppgåver og diskuterte. Faglæraren, som vart tilsett før haustsemesterstart, gjekk rundt og hjelpte til i lag med studentassistentar som fungerte som rettleiarar og motivatorar, fortel emneansvarleg for anatomi, fysiologi og biokjemi ved UiS, Elisabeth Harbin.

Sidan MedEasy har tilpassa opplegget sitt til Nokuts læringsmål, kjenner vi os s trygge på at studentane lærer det dei skal, seier emneansvarleg Elisabeth Harbin. Foto: privat

Personleg oppfølging

Karlsen fortel at undervisingsopplegget deira blir presentert på ei digital plattform som følgjer studenten, måler progresjonen deira og tilpassar læring og repetisjon til nivået studenten er på.

- Det kan hjelpe institusjonane å skreddarsy oppfølginga. Dersom ein ut i semesteret ser at nokre studentar ligg bakpå, kan ein kontakte dei og tilby personleg oppfølging. På same vis kan ein sjå kven som treng å bli utfordra meir, seier han.

Karlsen skal delta i ein debatt om driftsutsetting av undervising til eksterne, som blir arrangert i Stavanger den 11. mai i regi av UiS' eiga avdeling for utvikling av digitale læringsressursar, Nettop-UiS. Ifølgje Karlsen brukar over 90 prosent av norske sjukepleiestudentar plattforma på første studieår.

Helge Høivik ved Oslomet, som starta debatten om digitale læremiddel i denne runden, seier at så lenge der er tydelege innebygde læraraktivitetar, kan ein ikkje gripe fatt i eitt døme og bruke det som teikn på at utviklinga går i feil retning.

- Oslomet har utvikla eit digitalt læringsopplegg for anatomi og fysiologi som er ope tilgjengeleg. Det er laga for å vere ein integrert del av kommunikasjonen mellom lærar og student, og viser kor viktig lærarens delaktigheit er, seier han.

- Poenget mitt er at ein må tenkje nøye over dei langsiktige økonomiske og didaktiske konsekvensane av det ein gjer. Elles blir utviklinga styrt av tiltak som skal løyse lokale problem på kort sikt.

Byksa på nasjonal ranking

På Nokuts nasjonale eksamen i anatomi og fysiologi for sjukepleiarstudentar i desember 2021, hamne UiS på niande plass, opp frå 18. plass året før.

- Eg har ikkje grunnlag for å seie at det har direkte samanheng med at vi brukte MedEasy, seier Harbin.

- Men noko vi merka tidleg, var at studentane var veldig nøgde med undervisinga. Anatomi og fysiologi er eit krevjande fag som mange studentar uttrykker frustrasjon over. Men no kjende dei seg ivaretekne.

UiS-leiinga har likevel bestemt å ikkje forlenge avtalen. Grunngivinga er at det blir for dyrt å både løne ein faglærar og betale for tilgang til MedEasy.

- Det er ikkje aktuelt å kvitte seg med faglæraren og berre bruke MedEasy?

- Det ville vi nok opplevd som skummelt, seier Harbin.

- Utover anatomikafeane treng vi faglærar til å arbeide med oppgåver og vere eit bindeledd til studentassistentane. Men eg skulle gjerne sett at vi kunne ha brukt MedEasy i alle fall eitt år til, slik at vi fekk tilgang til meir data.

No går UiS tilbake til tradisjonell undervising med førelesingar og lærebok, men svært mange av studentane kjem til å betale for tilgang til MedEasy på privat basis, noko som allereie har vore vanleg i mange år.

Betre enn universiteta

- Vi sit på omfattande data om korleis studentane studerer, kva tid, kor ofte og kor lenge, og korleis nivået deira utviklar seg. Vi får også tusenvis av detaljerte tilbakemeldingar. Det opnar ei heilt ny verd når det gjeld kvalitetsarbeid i undervising. Det overraskar meg at ikkje Nokut er meir interessert i slike gruppedata frå oss, seier Karlsen.

Han meiner det kan vere utfordrande for institusjonane å utvikle tilsvarande god digital undervising sjølve, og viser til at MedEasy kan bruke månadsvis og fleire hundre tusen kroner på enkelte videoar.

- Så lenge institusjonane lever under eit beinhardt kvantitetskrav når det gjeld forsking og artikkelproduksjon, er det vanskeleg å samtidig sjå for seg eit kvalitetsløft i utdanninga utan tilføring av ekstra ressursar, seier han.

Harbin ved UiS er samd.

- Dersom slike digitale undervisingsopplegg hadde vore utvikla av sektoren sjølv, ville bruken bli billegare, men samtidig er det særs ressurskrevjande å utvikle noko som er like bra som det vi har opplevd med MedEasy. Det blir ei avveging om institusjonane skal gjere den investeringa, seier ho.

Image-text:

- Målet vårt er å løfte nivået i alle delar av helsetenesta, seier Nils Christian Tvedt Karlsen, her på ei studentinitiert samling ved VID Bergen. Foto: Natasha Busel

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt