AddToAny

Sektoren som SKRIK

NIFU, NOKUT, og NORCE: Store bokstavar er uhøfleg roping, lærer vi som samfunnsborgarar på internett. Kvifor skrik vi så mykje i forsking og høgare utdanning?
Lovnad om innhald: Vi avslører kva OBF tyder.

Eg er ein sindig type, men denne sektoren pressar meg til å rope. SINTEF! NILU! I år fekk vi ny språklov. Kan vi med lova i hand stoppe ropinga?

Eg må starte med nokre definisjonar frå Nynorskordboka. Eit initialord er «forkorta ord laga av første bokstaven eller første stavinga i fleire ord eller ledd i same ordet». Døme: EDB. Akronym er ei undergruppe, nemleg «initialord som blir lese som eit vanleg ord (og ikkje bokstav for bokstav)».

OLE KRISTIAN VÅGE er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

MARITA KRISTIANSEN er terminolog ved Termbanken, Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunnog høgre utdanning.

Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve. Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i språkspalta? Send framleggtilkjetil.brottveit@forskerforum.no.

Heimesida til Språkrådet fortel korleis vi skal skrive forkorta særnamn: Initialord vert oftast skrivne med store bokstavar, som NRK. Akronym kan enten skrivast med berre stor forbokstav (Nato), eller med (mi formulering) gjennomgåande store og stygge bokstavar (NATO). Greitt. Då må eg skrive NTNU, som vi uttalar bokstav for bokstav, men kva med NOKUT?

For private selskap gjeld eigne reglar. Språkrådet skriv: «Private institusjonar og firma rår sjølv over namna sine og kan avgjere korleis eventuelle forkortingar skal skrivast.»

Men kva med stiftingar, som mange av forskingsinstitutta er, til dømes SINTEF? Om dei seier Språkrådet ingenting.

Eg er fylt av tvil og autoritetsfrykt, spesielt for at NOKUT skal slepe meg gjennom gatene etter at eg har skrive Nokut, og det slik at magen uverdig sprett fram mellom buksa og genseren.

Ekspertane er denne gongen samstemde om at akkurat dette er dei ikkje ekspertar på. Saman slår vi opp i språklova, som seier at namn på statsorgan skal følgje offisiell rettskriving. Det står òg at verkeområdet for lova er staten, fylkeskommunar og kommunar, men òg «sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet».

For å ta NORCE (Norwegian Research Centre) som døme. Det statlege Universitetet i Bergen eig over 50 prosentane av aksjane, og instituttet er dermed omfatta av lova.

Våge: NORCE er eit akronym, og ifølgje rettskrivinga kan dei då velje å skrive NORCE slik dei gjer.

- Men kan eg som språkbrukar trasse dei og velje den andre varianten?

Våge: Ein bør halde seg til skrivemåten som er vald av institusjonen - sjølv om ein ikkje er samd.

- Det var skuffande. Kvifor har vi fått så mange forkorta namn med store bokstavar blant offentlege og halvoffentlege institusjonar?

Kristiansen: Ein del av desse «nyvinningane» kjem nok av at dei merkar eit større behov enn før for å byggje seg merkenamn. Men når ein ikkje lett kan vite kva eit namn står for eller korleis ein skal skrive det, er det teikn på at det ikkje er gode namn. Vi har til dømes mange namn på Nor-, som NORID. Korleis skal vi vite kva det er?

Våge: Denne insisteringa på store bokstavar er ganske interessant. Når ein bruker forkortingar for å byggje opp ei merkevare, kan det skje noko rart: NAV var ei forkorting for Ny arbeids- og velferdsforvalting, som dei skreiv med store bokstavar. No er det ikkje ei forkorting lenger, men eit særnamn på eigne bein. Rasjonalet bak å skrive det med store bokstavar er altså borte, men dei vil likevel gjere det. Det fortel kanskje at merkevarebygginga er viktigare enn rettskrivinga.

- Og så staten då, som skal vere så fast ei borg. Noko liknande er vel tilfellet med KS. Vel, det er ikkje eit akronym, men iallfall ei forkorting som har kutta strengen til opphavet Kommunenes Sentralforbund.

Våge: Grunnen er vel at det å bruke berre forkortinga gjev ein fleksibilitet. Det opphavlege namnet kan ha skapt stengslar for organisasjonen.

Kristiansen: NAV har altså behalde namnet, men gjeve det nytt innhald. Eit døme på det motsette er SIU som vart til DIKU og nyleg til HK-dir. Det er mindre og mindre gjennomtrengeleg kva ein snakkar om. Vi hadde vore tente med meir forståelege namn.

- Men oppgåvene til SIU, DIKU og HK-dir. er ikkje identiske?

Kristiansen: Nei, men det gjer det ikkje lettare å henge med!

Våge: Ein kan ikkje ta alt ein held på med inn i namnet. Det er ei stadig omkalfatring av offentleg sektor der ein fjernar og legg til oppgåver. Kan det ikkje vere greitt at det berre heiter NSB, og at vi heller aksepterer at namna ikkje er uttømande?

Kristiansen: Kanskje vi òg burde våge å bruke lengre namn. Sidsel Lie skriv i artikkelen «Merkenamn frå helvete» om Framtiden i våre hender som eit føredøme. Det er ikkje stutt og snacksy, men det festar seg. Ho nemner OBP som eit motstykke - kven veit kva det er? Opplysningskontoret for blomster og planter. - Men konklusjonen er altså at eg må bite i det sure eplet og skrive SINTEF?

Våge: Ja. Men når språkreglane er så vanskelege at språkbrukarane ikkje meistrar dei: Er det då reglane eller språkbrukarane det er noko gale med?

- Det er éin ting til eg ikkje forstår. Nato/NATO er altså eit klassisk døme på at skrivemåten er valfri. På heimesida til NATO, ser eg berre skrivemåten NATO. Korleis kan eg då ha lov til å skrive Nato, men ikkje Nokut? Ein skulle òg tru at dei overgår Nokut når det gjeld valdspotensialet i sanksjonane?

Kristiansen: Kanskje ballen denne gongen må sparkast over til Språkrådet? Er språkreglane for kompliserte, er vi for kunnskapslause, eller er reglane i for stor grad i utakt med språkbruken?

Image-text:

Eg er fylt av tvil og autoritetsfrykt, spesielt for at NOKUT skal slepe meg gjennom gatene etter at eg har skrive Nokut, og det slik at magen uverdig sprett fram mellom buksa og genseren, skriv Kjetil Brottveit.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Tore Wig og Jonas Stein kritiserer statsråd Ola Borten Moe for å være den eneste spareministeren.
Forskerforum 18.08.2022
Regjeringen har ingen planer om å kutte, sier Oddmund Løkensgard Hoel. Han ber likevel forskere forberede seg på tøffere tider.
Forskerforum 18.08.2022
På veg inn i dei lokale lønsforhandlingane går diskusjonen om kva strategi fagforeningane skal velje.
Forskerforum 17.08.2022
Universitetet i Sørøst-Norge har skrevet intensjonsavtale med seks kommuner i Hallingdal om et niende studiested.
Forskerforum 17.08.2022
Regjeringen ønsker ikke å fjerne bistillinger og heller ikke å lage nye begrensninger for postdoktorer.
Forskerforum 17.08.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt