- Det er ingen grunn til at me ikkje skal breia desse statlege arbeidsplassane godt utover. Eg trur at kompetansen dei vil finna i Bergen kjem til å ta vare på Språkrådet sine behov, seier Bernardini til NRK.
- Du skal ikkje undervurdera krafta i eit godt vestlandsopprør, så det kan godt vera at me får til dette.
Vil ha sterkt Språkråd
I forslaget frå Bernardini, som vart vedteke i utvalet, vert det mellom anna peika på at det er fleire sterke fagmiljø i Bergen. Men forslaget frå politikarane får ikkje applaus. Ikkje frå språkmiljøet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ikkje frå same miljø ved Universitetet i Bergen (UiB), og heller ikkje frå språksamlingmiljøet, som høyrer heime ved Universitetsbiblioteket ved UiB.
- Tidlegare har det vore sterke miljø ved UiB som har jobba for flytting av Språkrådet. Men no ser me nytta av at Språkrådet er i hovudstaden. Dei støttar