Utdanning
27.05.2022
Utan noko form for forplikting vil læremiddelsituasjonen for samiske elevar ikkje kunna betrast i overskodeleg framtid.
Samane i Noreg har status som urfolk. Det inneber nasjonale og internasjonale forpliktingar for norske styresmakter til å ta ansvar for å sikre og utvikle språk og kultur for samane. Dette følgjer også av Grunnlova, og både samelova og den nye språklova slår fast at samisk og norsk er likestilte og likeverdige språk. Opplæringslova har reglar om rett til opplæring i og på samisk. Denne lova er no under revisjon.
Opplæringslova er den vektigaste styringsreiskapen vi har for opplæring i Norge i dag. Difor må opplæringslova leggje til rette for eit opplæringstilbod som er forankra i samiske verdiar og som sikrar utvikling av samisk språk. Eg er ikkje nøgd med framlegget til ny opplæringslov, det er ikkje godt nok. Det er ikkje godt nok for bokmålselevar, dårlegare for nynorskelevar og enda dårlegare for samiske elevar. Lovverket og praktiseringa av lovverket legg i dag hindringar i vegen for god opplæring i og på samisk.
Eit utval peika i NOU 2016:18 Hjertespråket på at samiske elevar ikkje får oppfylt sine lovfest
Gå til medietOpplæringslova er den vektigaste styringsreiskapen vi har for opplæring i Norge i dag. Difor må opplæringslova leggje til rette for eit opplæringstilbod som er forankra i samiske verdiar og som sikrar utvikling av samisk språk. Eg er ikkje nøgd med framlegget til ny opplæringslov, det er ikkje godt nok. Det er ikkje godt nok for bokmålselevar, dårlegare for nynorskelevar og enda dårlegare for samiske elevar. Lovverket og praktiseringa av lovverket legg i dag hindringar i vegen for god opplæring i og på samisk.
Eit utval peika i NOU 2016:18 Hjertespråket på at samiske elevar ikkje får oppfylt sine lovfest