Khrono
19.01.2020
Professor Jørn Øyrehagen Sunde held årets Aarebrot-førelesing i Bergen søndag kveld. Førelesinga skal hylla professor Frank Aarebrot, som gjekk bort i 2017. Lenke til førelesninga finn du er.
Søndag 19. januar hadde professor Frank Aarebrot fylt 72 år. Slik gjekk det ikkje, han døydde i september 2017. Men på det som var Aarebrot sin fødselsdag arrangerer Universitetet i Bergen Aarebrot-førelesinga.
Les mer- Me skal minnast og feira Aarebrot. Han var ein fantastisk formidlar, og førelesinga er ein hyllest til den munlege formidlinga og førelesingstradisjonen.
Det seier prorektor Margareth Hagen.
Førelesinga byrjar klokka 19. Dørene til universitetsaulaen opnar klokka 18, og det er ikkje mogleg å få billettar på førehand. Dersom du ikkje har moglegheit til å vera i aulaen, kan du sjå førelesinga direkte hos UiB frå klokka 19.
Rettshistorie på 200 minutt
Det er jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde som skal halda årets førelesing. Tema er