Arkitektnytt
07.11.2019
Interiørarkitekt og møbeldesignar Kamilla Stokkevåg har utforska det intuitive møtet med rom i prosjektet «Lytteland». Nå er ho Årets nykommar under Bergen Design Festival.
I staden for at det tydeleg er ein stol, er det ei form, slik at du med din kropp kan tilnærma deg forma på ein open måte. «Ile» er ikkje heilt eit møbel, ikkje heilt del av rommet, men eit romleg element, fortel interiørarkitekt Kamilla Stokkevåg.
Les merForlenging av bøkene
Denne veka blei ho kåra til Årets nykommar under Bergen Design Festival for masterprosjektet «Lytteland». Stokkevåg ville utforska korleis miljøet i eit bibliotek for barn kan spegla bøkene. Møbelet «Ile» tar utgangspunkt i Bergens-bydelen Laksevåg og lokalmiljøet sitt ønskje om eit bydelsbibliotek. Interiørarkitekten ville laga eit møbel som utstrålar barn si undring.
«Ile» er ei forlengi