AddToAny

Ris til professorens rumpe

Ein gong kunne uregjerlege professorar gjere som dei ville. No kan ein hundre år gammal straffemetode igjen bli tatt i bruk. Denne gongen av eit universitetsstyre.
Leiar for Noregs største juridiske fagmiljø, Atle Sønsteli Johansen, smakar på ordet.

Ordensstraff.

Ein skal ikkje smake lenge før dei indre bilda melder seg. Bjørkeris og skammekrokar, lærarar med harde linjalar, klare til å gi ein smekk over fingrane.

Hemninga mot å tukte er svekka. Fredrik W. Thue Universitetshistorikar

- Det kling gammalmodig, ordet straff i kombinasjon med orden. Straff er jo noko vi normalt reserverer til politi og rettsvesen, seier LO-advokaten.

Er det ein anakronisme, denne forma for disiplinær reaksjon, straff utan domstol?

Både og.

Hundre og eitt år etter at ordet ordensstraff først kom i bruk i den første lova for statstilsette, har landets største universitet NTNU signalisert at dei kan komme til å ta ordensstraff i bruk.

Historia

På NTNUs siste universitetsstyremøte vart det konfliktplaga Institutt for historiske studier lagt direkte under rektors administrasjon, inntil vidare. Ein eller fleire medarbeidarar skal alt ha mottatt førehandsvarsel om disiplinære tiltak retta mot dei.

Frå før er omplasseringa av den tidlegare leiaren i Forskerforbundet, Kristian Steinnesmykje omtalt.

No tyder tonen på hardare tak.

Det kan bety oppseiing av medarbeidarar, eller det endå meir dramatisk - avskjed. Berre fem gonger har professorar i Noreg blitt sparka frå stillingane sine, alle i nyare tid.

Mest kjent er truleg Langeland-saka, som munna ut i avskjed for historieprofessoren Nils Rune Langeland. I 2009 fekk Arnved Nedkvitne, også han historieprofessor, avskjed, frå stillinga si etter konflikt med instituttleiinga ved Universitetet i Oslo. Det var første gong ein professor ved Universitetet i Oslo hadde fått sparken sidan universitetet vart grunnlagt i 1811.

Ein av sablane NTNU-leiinga no raslar med, er ordensstraff. Får du den, mister du jobben og løna, men får lov til å arbeide ein annan stad på universitetet. Er du professor, kan du miste professoratet. Er du førsteamanuensis, kan du fort bli ein slags sisteamanuensis, med lønsnedrykk.

Ifølgje Statens personalhandbok vil «tap av ansiennitet i utgangspunktet være varig». Men som det står, det må «antakelig» vere anledning til å tidsavgrense tapet.

For å fortene straffa må du ha gjort deg skulding i «overtredelse av tjenesteplikter eller unnlatelse av å oppfylle tjenesteplikter» og «utilbørlig adferd i eller utenfor tjenesten», ifølgje paragraf 35 i statsansatteloven.

Ting kan tyde på at det er først no strukturen og kulturen på universitet og høgskular ligg til rette for meir bruk av straffereaksjonar.

Dilemmaet

- Ordensstraff høyrest ut som noko som skal oppretthalde ein disiplin i systemet. Universitetstilsette, og særleg professorar, har tradisjonelt ikkje blitt utsette for den slags tukt. Men hemninga mot å tukte er svekt, seier professor og universitetshistorikar på OsloMet, Fredrik W. Thue.

Fenomenet ordensstraff, må han innrømme, har ein obskur plass i hans arbeid. Det er ikkje akkurat ein gjengangar i universitetshistoria. Han kjenner til såkalla relegering av studentar, det vil seie utvising. Det hende med ein del nazi-sympatisørar etter 2. verdskrigen. I farten hugsar han eit meir kuriøst tilfelle, der ein student vart relegert for å ha «forulempet en neger».

Uavhengig av Langeland, Nedkvitne og gordiske arbeidsmiljøknutar på NTNU ser Thue eit svulmande dilemma:

- Ideen om at ein ikkje kunne tukt

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt