Då er alle studentar og tilsette inviterte til å diskutera korleis framtidas utdanningstilbod skal sjå ut. Men dei skal også få fram korleis dei meiner at eit forskingsintensivt breiddeuniversitet som Universitetet i Oslo skal sjå ut om ti år.
Dei tre dagane veka varer, skal det vera presentasjonar av alle innkomne innspel, og det skal vera arbeidsgrupper for strategi for både forsking, utdanning og kunnskap i bruk. Dessutan skal dei tre tankesmiene: Tunge trendar, UiO sett utanfrå og Kopla forsking og utdanning leggja fram dei ferdige rapportane sine. I tillegg vil det koma inn andre rapportar som rektoratet har tinga, eller som ulike miljø sjølve har tatt initiativ til å utforma, opplyser prorektor Gro Bjørnerud Mo til Uniforum.
- Hastar
Rektoratet minner igjen om at andre tilsette og studentar på Universitetet i Oslo også har høve til å koma med forslag til kva som bør vera med i den nye strategien til Universitetet i Oslo.
- No hastar det med å få inn første runde av innspel til Strategi 2030. For fredag 12. april er siste sjanse før det blir ein ny runde seinare i vår, seier rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo i eit fellesintervju med Uniforum.
- 35 og 40 innspel
Sistnemnde er nøgd med responsen på oppfordringa om å senda inn gode idear og tankar om det den nye strategien bør ha med.
- Til no har me fått inn mellom 35 og 40 innspel, utano