Uniforum
26.10.2020
Byrådsleiar Raymond Johansen ber alle dei høgare studiestadene i Oslo om å innføra digital undervisning. - UiO har mesteparten på plass allereie, seier rektor Svein Stølen,
Frå torsdag 29. oktober klokka 12.00 innfører Oslo endå strengare tiltak for å hindra spreiing av koronasmitte blant dei 700 000 innbyggjarane. No skal det ikkje berre bli påbode å bruka munnbind i kollektivtrafikken, men også på daglegvarebutikken, butikksenter og andre stader inne der det er vanskeleg å halda den tilrådde avstanden på 1 meter.
Les merBad folk om å arbeida heimanfrå
Under dagens pressekonferanse kom også byrådsleiar Raymond Johansen med ei oppfordring til alle dei høgare lærestadene i hovudstaden.
- Studiestadene må innføra digital undervisning på alle studieprogram der det er mogl