Det var i går regjeringa gjorde det klart at den vil opna for ei utvida opning av import av utanlandsk arbeidskraft som skal utføra strengt nødvendige arbeidsoppgåver. Ifylgje regjeringa vil det omfatta både forskarar, bedriftsleiarar, profesjonelle idrettsutøvarar, skodespelar og personell med spesialisert kompetanse innanfor servicenæringane. Behova for denne typen personell gjeld på tvers av næringar og sektorar, står det i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Meldinga fekk rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo til å uttrykkja glede.
- Det har vært mye oppmerksomhet om dette i det siste, og vi har kanskje fått tydelig frem at dette er forskere som er temmelig stasjonære når de først har kommet inn i landet. Gledelig er det uansett, sa Svein Stølen til Uniforum. Han understreka også at UiO må avventa føringar frå Oslo kommune.
Og dei kom på pressekonferansen med byrådsleiar Raymond J