AddToAny

Professoren som snudde forteljinga om «Alexander Kielland»-ulykka

- Akademikarar skal ta side, seier historikar Marie Smith-Solbakken. Forskinga hennar vart forsøkt stansa, men er no blitt fjernsynsdokumentar.
«Eg har to bursdagar kvart år».

Ein av dei 89 overlevande frå «Alexander Kielland» fortel, i ein ny dokumentarserie som blir vist på TV 2 i desse dagar. Den andre «bursdagen» for den gamle oljearbeidaren er 27. mars. På den datoen i 1980, på ein stormfull torsdagskveld i Nordsjøen, kantra bustadplattformen «Alexander Kielland». 123 menneske omkom.

Det er fortsatt den største arbeidsulykka i norsk historie, og eit nasjonalt traume som i fredstid berre kan måle seg med 22. juli i omfang. Men som aldri har fått si avslutning, eit sår som aldri har fått heile.

- Eg har møtt mange sinte menn, seier Marie-Smith Solbakken, professor i historie ved Universitetet i Stavanger.

For det er menn som har sete på alle sider i norsk oljehistorie, som har vore arbeidsfeltet for Smith-Solbakken i heile hennar karriere. I arbeidet med det mest dramatiske kapittelet har ho sett sterke kjensler i sving, 40 år etter havariet.

- Det var menn som omkom, som overlevde, som var redningsmannskap, som styrte industrien, som granska.

Nokon, av dei som lever, er sinte for dei aldri fekk fortalt si historie. Andre er sinte, kanskje nettopp fordi historiene no blir fortalte, fordi den etablerte og offisielle forteljinga er blitt utfordra gjennom historikarens arbeid.

- Akademikarar skal ta side, seier professoren.

Denne haldninga har hatt sin kostnader, fagleg og personleg for Smith-Solbakken. I 2020 vart ho skulda for å fabrikkere data og jukse med forsking.

Dei stemmelause

Offisielt blei bakgrunnen og årsaka til katastrofen ferdig forklart og konkludert av granskingskommisjonen som regjeringa nedsette dagen etter ulykka: Ein sveisefeil på eit støttestag frå det franske verftet som bygde plattforma førte til at det eine beinet på plattforma knakk og riggen velta.

Smith-Solbakken har arbeidd med oljehistoria heile karrieren, men først etter mange år våga ho seg inn i den vanskelege, tragiske og betente historia om «Alexander Kielland».

- Eg stiller spørsmål ved måten granskinga gjekk føre seg på. Ved den manglande medverknaden og involveringa av viktige grupper. Eg stiller også spørsmål ved konklusjonen. Eg møter bitterheit og sinne over å ikkje ha blitt høyrt. Det er som om eg har skrudd på ein kanal som ikkje har fått plass.

Smith-Solbakken og kollegaene hennar har tatt dei stemmelause si side, slik ho ser det. Dei som ikkje fekk plass i offisiell granskingar, dei tekniske rapportane og dei departementale konklusjonane. Ikkje stålkonstruksjonane, men menneska. I tre år samla ho og kollegane hennar forteljingane til over 300 av dei:

Dei som døydde, dei som overlevde, dei som sat igjen, familie, kollegaer, arbeidsgivarar, venner, naboar, redningsmannskap, industrieigarar, journalistar, forskarar, fagforeiningsfolk og andre som vart råka av ulykka, personleg eller profesjonelt.

Det er nokre av desse

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt