Haug er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, og ein nestor i norsk utdanningsforsking.
Det er laksemilliardæren Aino Olaisen på den vesle øya Lovund på Helgelandskysten som har tatt initiativet til å skape ein modell for lærarutdanning retta mot dei små skulane i Utkant-Noreg.
Det er symptomatisk at det er private som står bak dette initiativet, meiner Peder Haug.
- Utdanningspolitikken dei siste åra har vore prega av reformer og tiltak som verkar sentraliserande. Det hadde vore naturleg med kompenserande tiltak for dei som lever under andre vilkår enn i byane - og at dette initiativet kom frå Kunnskapsdepartementet, seier Haug.
Han meiner uansett det er positivt og nødvendig at lærarutdanninga slik den er utforma i dag blir utfordra.
- Fagleg breidde vel så viktig
Ei styringsgruppe med tette band til lærarutdanninga på Nesna, som Nord universitet har bestemt skal leggast ned, er i full gang med å utvikle prosjektet. Målet er å utfordre det rådande regim