Kvamsøy har vore bandlagt av staten sidan 1960-talet. Øya av dei mest brukte og attraktive øyene i Hardangerfjorden. Øya har kai og ei lita hamn på sydsida, og store grasmarker egna for telting. Fleire av husa vert nytta av speidarane og andre.
Oppdrettsanlegget, som vil vera 100 meter breitt og 800 meter langt, vil liggja nokre hundre meter frå stranda på Kvamsøy.
Vil sjå og oppleva norsk natur
Alf Storaas og kona driv med kjøtproduksjon og frukt, i tillegg til naturbasert turisme, like innanfor øya. Dei nyttar fjorden ved og rundt Kvamsøy mykje.
- Me er to bruk som driv jordbruk på Kvamsøy. Signe Karin Kvamsøy driv med ammegeit og bur på øya. Me driv med sau og har kalvar på beite her om sommaren. Me driv òg med turisme og «Inn på tunet», og brukar øya mykje i samband med dett