AddToAny

Poetikk: ei strukturell

Poetikk: ei strukturell
forskingsmetode i musikk, og kunst generelt Poetikken kan gje ein ny inngang til å jobbe med musikkproduksjon, meiner Hans Martin Austestad. I denne artikkelen gjev han ei innføring i historia til poetikken og kva poetikk eigentleg er.
Poetikk er ei doktrine som har vore med sidan antikken, kortfatta forklart: den ontologiske grunngjevinga til dikterkunsten. Altså, forklaring på kvifor det går an å lage kunst. Ordet poetikk stammar frå det greske ordet poiein, som tyder «å gjere, lage, eller produsere.» Det nyttast til å diskutere og granske korleis noko kan bli til, og/eller praksisen med å lage. Difor har også poetikken spelt ei viktig rolle for korleis me utfører kunstkritikk. I motsetnad til poetikkens psykologiske tvilling, kreativitetsteori, vektlegg poetikken naturlov. Altså, korleis naturlov er utgangspunkt for struktur og prosess. Følgjeleg er eg av den oppfatning at poetikk gjev tilgang til eit balansert miljøperspektiv når ein diskuterer musikk.

Poetikk dukkar også opp i «overraskande» samanhengar, som vitskapelege artiklar om lækjevitskap eller i bøker om digitale media. Ein kan seie at poetikken bidrar til forståing for strukturar som produserer eit fenomen. Poetikk fell difor smidig inn under eit strukturalistisk tankesett. Poetikk har ei rik historie i musikk. Her er nokon lærerike verk:

Aristoteles - Poetikk (ca. 335 f. Kr.)

Aristoteles står for sjølve klassikaren i sjangeren. Verket inneheld 26 kapitel som skildrar diktekunst i antikken, tragediar og komediar, og ulike formar for rim. Han inneheld også fleire kapitel om retorikk. Verket skal ha blitt notert ned av Aristoteles sine elevar, då læremeisteren sjølv heldt leksjonane munnleg, noko som kjenneteiknar fleire poetikkar.

Joachim Burrmeister - Musica Poetica (1606)

Joachim Burrmeister (1564-1629) gjev innblikk i korleis poetikk i barokken var ein kombinasjon av historie, filosofi og musikalsk notasjon som ein heilskapleg musikkpedagogikk. Slik kan ein også sjå at skuleverket, historisk sett, var i ferd med å bli meir formalisert på Burrmeister si tid. Eit kjenneteikn for fleire poetiske verk frå denne perioden, er at dei kjem til uttrykk som lærebøker, som framsyner det siste innan notasjonsmetode, og korleis ein læremeister kan undervise i faget sitt. Verket til Burrmeister tek for seg analyse o

Les mer

Flere saker fra Kontekst

Pianolærer Ragnhild Eline Hoen fant ikke læremateriell som passet, og lagde en bok selv.
Kontekst 27.09.2023
For første gang har en tenor vunnet Den norske solistpris.
Kontekst 27.09.2023
Ny Norsk Standard for konsertlokaler er endelig klar etter flere høringsrunder. Med dette er den gamle fra 2014 helt erstattet.
Kontekst 25.09.2023
Trenger du en sparringspartner? published | author Redaksjonen Norsk Tonekunstnersamfund lanserer en mentorordning hvor utøvere innen det klassiske feltet kan ønske seg en mentor blant foreningens medlemmer.
Kontekst 25.09.2023
Tradisjonshåndverkere jubler forsiktig over det regjeringen kaller «et historisk løft». Men blir det utdannet mange nok med kompetansen til å gjennomføre?
Kontekst 25.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt