AddToAny

Overlever som uavhengige forskarar utanfor den ungarske statens grep

Uavhengige forskarar i Ungarn er blitt så uavhengige at dei har takka nei til bidrag frå det statskontrollerte vitskapsakademiet. No har dei starta eigne forskaralliansar. Uniforum har møtt juristen ViktÃ3r Lörincz og sosiologen Marie Heller.
BUDAPEST, UNGARN:

I eit hypermoderne kontorbygg i eit tidlegare industriområde i Budapest held juniorforskar ViktÃ3r Lörincz til på Institutt for juridiske studiar til. Etter at dei valde ikkje å mista det akademiske sjølvstendet sitt for å halda fram som eit senter for framifrå forsking under det ungarske vitskapsakademiets statskontrollerte venger, blei dei kasta ut av gamle og ærverdige lokale i sentrum av Ungarns hovudstad. Dermed måtte dei ut på husjakt og hamna i ein bygning i eit område som tidlegare var kjent for det enorme slakteriet sitt.

ViktÃ3r Lörincz er visepresident for eit uavhengig nettverk av akademikarar i Ungarn, the Hungarian Academy Staff Forum. Nettverket organiserer forskarar som tilhøyrer forskargrupper som tidlegare var knytte til the Hungarian Academy of Sciences. (Det ungarske vitskapsakademiet) Då akademiet mista sjølvstendet sitt og blei ein del av den ungarske staten, ville mange av forskarane ikkje lenger tilhøyra akademiet, og organiserte sin eigen organisasjon utanfor akademiet.

- Den illiberale politikken starta i Russland

Som jurist har ViktÃ3r Lörincz sett spora av den illiberale politikken til statsminister ViktÃ3r Orban i mange år allereie. Han meiner at oppskrifta på denne politikken eigentleg starta i Russland, før den smitta over til andre land i denne regionen.

- Her finn du verktøyet for korleis du skal takla media, delvis frå Russland og delvis frå spinndoktorar som har gjort det same i andre land. Derfor må folk under parlamentsvalet også ta stilling til tiltak som har å gjera med homoseksualitet og om barn skal skjermast for påverknad om seksuell orientering frå organisasjonar for homofile i i skulevesenet. Den same lova blei vedtatt i Russland i 2010. Og Vladimir Putin sette også gang fleire politiske åtak på Vitskapsakademiet på same måte som det som skjedde rett etter kollapsen av Sovjetunionen. Det same hende både i Polen, i Turkmenistan og i Tsjekkia, men det var ikkje så ekstremt som i Ungarn, meiner han.

Og i Ungarn kutta dei også ned på løyvingane til forsking.

- Som grunngjeving brukte dei at det var behov for offentlege innsparingar for å få fart på økonomien. Det same skjedde i mange andre land i vesten der regjeringane ville løyva mindre pengar til utdanning.

- 5000 forskarar organiserte seg i 20 uavhengige forskingssenter

Han peikar på at den tidlegare ministeren for teknologi og innovasjon i Ungarn, meinte at mesterparten av forskinga var grunnforsking og derfor ikkje var bruksretta.

- Derfor organiserte 5000 forskarar seg i 20 uavhengige forskingssenter. Og her som eg jobbar finst både Institutt for juridiske studiar, Institutt for politiske studiar og Institutt for sosiologiske studiar og minoritetsstudiar, fortel han.

Paradokset er at bygningen tilhøyrer Vitskapsakademiet, men staten kan ikkje ekspropriera den for å bruka den til andre ting.

- Då vil dei risikera å få ein dom mot seg i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, slik som skjedde då statsminister ViktÃ3r Orbán, nekta Det sentraleuropeiske universitetet retten til å driva eit universitet i Ungarn. Då dommen var klar, hadde universitetet allereie flytta til Wien, men om dei hadde vendt tilbake, trur eg Orbán likevel hadde klart å hindra dei å etablera seg på nytt, er ViktÃ3r Lörincz overtydd om.

Protesterte mot prosjektfinansiering

Forskarar og akademikarar i Ungarn har hatt tøffe tider under ViktÃ3r Orbáns regjeringar sidan 2010. Det er bakgrunnen for at dei etablerte eit nytt og uavhengig nettverk for akademikarar i Ungarn.

- Då me fekk vita at regjeringa ville kutta ut å gi ei grunnløyving direkte til Vitskapsakademiet, og kanalisera alle pengane til finansiering av prosjekt, organiserte me masse protestar mot forslaget. For med ei slik finansiering kunne ikkje folk vera sikre på om dei hadde ein sikker karriere i akademia. Me i the Hungarian Academy Staff Forum protesterte for me viste til at alle forskingseiningar måtte ha ei grunnløyving for å kunna overleva økonomisk. Draumen om å kunne bli ein uoppseieleg professor etter at du er blitt 45 år, er nesten uoppnåeleg, ikkje berre i Ungarn, men også i land i Vesten, peikar han på.

Prosjektfinansiering av forsking var alt

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt