Men i Hallingdal drøymer dei om meir. Dei vil ha ein permanent campus i regionen, også for dei som ikkje har bustadsadresse i Hallingdal.
Motivert av regjeringas ambisjonar med desentralisert utdanning begynte dei for alvor å gjere planane om til realitet i vinter.
Gol kommune tok då initiativ til eit møte med Høgskulen på Vestlandet, Kunnskapsdepartementet og USN. Sistnemnde tente på ideen og gav signal om at dei ønskte å gå vidare for å sjå på moglegheitene i Hallingdal. Signala frå departementet har også vore positive. I april fekk dei også med seg nabokommunane gjennom Regionsrådet Hallingdal, som består av Flå, Nesbyen, Gol, Ål, Hol og Hemsedal.
- Då me tok kontakt med USN var det som å sparke opp ei open dør. Me ble møtte med ei forståing på at dette er eit område som manglar høgare utdanning, fortel Gol-ordførar, Heidi Granli (Ap).
Skal inngå intensjonsavtale
- Eg har stor forståing for at hallingdalsamfunnet har vendt seg til universitetet for å sjå nærmar