AddToAny

Ombygging i Forskningsparken fører til splitting av toppforskingssenter

Ombygging i Forskningsparken fører til splitting av toppforskingssenter
I april i fjor fekk direktør Janna Saarela beskjed om at 30 tilsette i Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) måtte ut av delar av Forskningsparken på grunn av byggjearbeid. For henne kom varselet svært overraskande.
Ti månader etter meldinga om utkasting frå dei tidlegare lokala, er flyttelasset til 30 forskarar og teknikarar hos Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) pakka. Av desse er 10 på veg inn i nye lokale hos Institutt for biovitskap i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Dermed blir dei skilte frå dei 60 andre tilsette i dei andre forskargruppene til NCMM i Forskningsparken i Gaustadsbekkdalen. NCMM er eit toppforskingsenter som ligg under Det medisinske fakultetet på UiO.

Det var 30. januar for eitt år sidan direktør Janna Saarela fekk det første varselet om at Forskningsparken skulle setja i gang eit arbeid med å byggja ein ny etasje for kontorarbeidsplassar rett over området D3 i bygningen. Det får Uniforum opplyst frå Janna Saarela. Akkurat der heldt tre av forskargruppene til NCMM til, og dei fekk derfor melding om at dei måtte ut, og at det heller ikkje ville vera plass til dei og instrumenta og utstyret deira etter at arbeidet var avslutta.

- Eg fekk den første meldinga om byggjeplanane via ein epost datert den 30. januar 2020, seier direktør Janna Saarela til Uniforum.

I april i fjor fekk direktør Janna Saarela beskjed om at 30 tilsette i Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) måtte ut av delar av Forskningsparken på grunn av byggjearbeid. For henne kom varselet svært overraskande.

- Blei du overraska?

- Ja, svarer ho Uniforum i ein epost.

I april fekk dei melding om at Forskningsparken ikkje ville forlengja leigeavtalen med NCMM i den delen av D-fløya tre av forskargruppene heldt til i.

- Har oppfylt alle behova våre

Janna Saarela tok derfor kontakt med leiinga for Forskningsparken AS for å gjera det klart for dei at den aller beste løysinga for senteret ho leier, ville ha vore om dei kunne ha halde fram med å ha heile senteret lokalisert på den same staden.

- Lokala me har leigd i Forskningsparken har oppfylt alle behova våre, gjer ho klart.

Svaret ho fekk var at Forskningsparken etter ombygginga berre ville ha kontorplassar i D3-fløya i bygningen.

- Derfor ville det ikkje vera noko val for NCMM å flytta forskarane og instrumenta våre tilbake etter ombygginga, og halda fram med dei same gjeremåla våre som før, fortel Janna Saarela til Uniforum.

- Vil mista halvparten av laboratorieplassen

Når flyttinga blir realisert denne veka, er det ikkje berre forskargruppa som må flytta til Blindern som får merka konsekvensane.

- Heile senteret vil mista halvparten av den laboratorieplassen me har hatt i Forskningsparken. Derfor går ikkje det utover berre dei forskargruppene som må ut, men også alle dei andre forskarane

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt