Bondebladet
28.01.2021
Det er særs krevjande og risikofylt å flytte ulv. Det gjer det vanskeleg å varsle lokale myndigheiter så tidleg som vi gjerne skulle ønske.
Fleire ordførarar i kommunar frå tidlegare Østfold fylke reagerer på at dei lokalt ikkje vart varsla omflyttinga før ulvane i praksis var plasserte.
Gå til medietDen 3. januar i år vart ulvane frå Deisjø-reviret flytta frå sitt revir som låg delvis innanfor og delvis utanfor ulvesona i tidlegare Hedmark fylke, til eit område innanfor ulvesona i tidlegare Østfold fylke.
Grunnen til at ulvane vart flytta var at Senterpartiet, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet på Stortinget hadde vedteke at lisensfellingsområdet utanfor ulvesona i tidlegare Hedmark også skulle inkludere delar av Deisjø-reviret, i strid med vedtaket frå den regionale rovviltnemnda som ville skjerme omr�