Annankvar veke er det møte i samarbeidsgruppa på universitetsbiblioteket i Tromsø. Det er eit møte eg utan unntak alltid gler meg til. Det fulle namnet på gruppa er samarbeidsgruppa for undervisning - me er ikkje særleg gode på å laga namn, men det er heldigvis ikkje så viktig.
Gruppa er ein møteplass for alle som underviser eller har kurs i regi av universitetsbiblioteket. På møta gjeng det på rundgang mellom medlemmane å legge fram eit opplegg for drøfting som tek utgangspunkt i deira eigen undervisning. For oss som organiserer møta er det viktig å halde ein så flat struktur som mogleg. Me ynskjer at alle som vil vera med i gruppa kjenner eit ansvar for gjennomføringa, at møta blir ein plass for meiningsfull drøfting og utvikling.
Det må sjølvsagt vera nokon som held i det organisatoriske, men utover dette eig me møta våre i lag og er ansvarlege overfor kvarandre. Det er eit par av kollegaene som har teke initiativet, og så har me fått godkjenning frå leiarane våre.