Uniforum
11.08.2020
Odontologi måtte kjøpa inn spesialutstyr for over 1,4 millionar kroner då fakultetet etablerte ein eigen koronaklinikk for pasientar som trengte akuttbehandling i munnhola eller i kjeven. No ber dei Helsedirektoratet om å ta rekninga.
Den 26. mars hadde Det odontologiske fakultetet ved UiO klart å etablera ein eigen klinikk for pasientar med behov for akuttbehandling i munnhola eller i kjeven under koroanepidemien. Den skulle dekkja pasientar frå fylka Oslo, Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark.
Les merDet var etter ei oppfordring frå Helsedirektoratet at klinikken blei bygd opp. Det førte til innkjøp av ekstra utstyr til mellom anna desinfisering av behandlingsrom til ein samla kostnad på 1,4 millionar kroner. Dette er utgifter som Helsedirektoratet bør dekkja, skriv dekan Pål Barkvoll og konstituert fakultetsdirekt