AddToAny

Ny dagleg leiar ved Nordnorsk kunstmuseum

Ny dagleg leiar ved Nordnorsk kunstmuseum
I påvente av ny direktør har styret tilsett Line Fusdahl som dagleg leiar ved museet.
Nordnorsk kunstmuseum har framleis ikkje tilsett ny direktør. Men måndag vart Line Fusdahl konstituert som fungerande dagleg leiar.

- Eg får det øvste ansvaret, ja. Eg har tjue års erfaring frå kulturfeltet, men eg har ikkje kunstfagleg utdanning. Heldigvis har museet ei kuratorgruppe som jobbar med det kunstfaglege innhaldet, seier Line Fusdahl, som måndag hadde første arbeidsdagen som dagleg leiar ved Nordnorsk kunstmuseum (NNKM).

Det har storma rundt Nordnorsk kunstmuseum det siste året. Etter at tidlegare direktør Jérémie McGowan måtte gå på dagen, gjekk han til sak mot museet, men tapte i retten. Fleire styremedlemer og varamedlemer har trekt seg frå styret, og kunstnarorganisasjonar og representantar for det samiske miljøet har mista tillit til museet. Før påske skreiv også tre fagforeingar ved museet eit ope brev til kulturministeren der dei bed heile styret om å trekke seg. Så den nye leiaren skal få litt å ordne opp i.

Fusdahl har lang erfaring frå kulturadministrasjon, blant anna ved Tromsø Symfoniorkester og Ordkalotten Tromsø Internasjonale litteraturfestival. Ho har også jobba ved Nordnorsk kunstmuseum tidlegare og kjem no frå jobben som festivaldirektør for Nordlysfestivalen.

Erfaring frå kulturlivet og Høgre

Fusdahl har lang fartstid som politikar, og sit i dag som fylkestingsrepresentant for Høgre i Troms og Finnmark. Styreleiar Grete Ellingsen ved NNKM har tidlegare vore ordførar for same partiet.

- Så to Høgrekvinner skal leie museet framover?

- Ja, men eg har jobba lenger med kunst og kultur enn med politikk. Den politiske bakgrunnen min gjer at eg har god oversikt over det politiske miljøet både i regionen og nasjonalt.

- Museet er i ein vanskeleg situasjon, og har mista mykje tillit både blant tilsette, i kunstmiljøet og i det samiske miljøet. Kva vil du gjere med dette?

- Eg må bli kjend med dei tilsette. Vi har ei stor utstilling som opnar 2. mai, og så har vi ei museumsmelding der det står ein del om Nordnorsk kunstmuseum. Så får vi ta ein ting om gongen. Det kan kome godt med at eg har eit stort nettverk i kulturlivet frå før, seier ho.

Styreleiar har ikkje vurdert å gå

Styreleiar Ellingsen ved NNKM seier dette om tilsetjinga av Fusdahl:

- Dagleg leiar vil i praksis fylle rolla som direktør. Ho vil sitje i stillinga til 1. oktober eller til vi har ein direktør på plass, seier Ellingsen.

Ho vil ikkje kommentere innhaldet i det opne brevet frå tillitsvalde der det kom fram sterk mistillit mot styreleiaren.

- Forholdet mellom dei tilsette og styret er noko som vi jobbar med internt på museet. Vi har sagt at vi vil ta initiativ til kontakt mellom styret og dei tillitsvalde. Vi ønsker å få til ein dialog, seier Ellingsen.

- Du vurderer ikkje å trekke deg når du får så stor mistillit?

- Biletet er svært nyansert og er knytt til ulike saker. Blant anna har vi hatt ei arbeidsrettssak, der saksøkar, tidlegare direktør McGowan, tapte. Museet er fullfinansiert av Kulturdepartementet, og styret er oppnemnd av departementet. Vi har blant anna fått i oppdrag i å sjå på korleis framtidig styresamansetjinga skal vere i framtida. Dette tok vi i opp i eit dialogmøte med representantar for kunstnarorganisasjonane, Sametinget og fylkeskommunane i førre veke. Vi ønskjer å få til ei større forankring i heile landsdelen, seier ho.

- Men du som styreleiar har ikkje vurdert di rolle?

- Nei, saman med resten av styret har vi fått eit mandat fram til 2023.

Image-text:

- Eg har jobba lenger med kunst og kultur enn med politikk, seier Line Fusdahl, Høgrepolitikar og ny dagleg leiar for Nordnorsk kunstmuseum. Foto: Marius Fiskum

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt