UiB har inngått eit samarbeid med Trond Mohns Stiftelse for å bli eit kraftsenter for utvikling av teknologi basert på kunstig intelligens, og det vart arrangert eit seminar med tittelen «Intelligente Bergen» for å samkøyra innsatsen og skapa offentleg interesse.
Forskar Anja Salzmann deltok på seminaret, og kritiserer stemninga i eit innlegg i Khrono. Det var som eit vekkelsesmøte for teknologioptimistar, seier ho, og ho fryktar at det vil bli for lite fokus på den etiske dimensjonen ved kunstig intelligens. Universitetet kan ikkje oppføra seg som eit hallelujakor for teknologiutvikling, men må laga ein audmjuk og ansvarleg strategi der verdiar som personvern og demokratisering står sentralt. Sjølv om Anja Salzmann formulerer vakre ideal som dei færraste vil vera ueinige i, har eg ei ganske anna oppfatning av situasjonen på bakken.
Etikken lever i beste velgåande. Kunstig intelligens er ein kraftfull og overskridande teknologi, og dei som prøver den ut veit det veldig godt. Utforskinga skjer ofte med datasett frå verkelegheita, og då må