Khrono
07.08.2019
Det vert ikkje opptak til masterstudiet i journalistikk og kommunikasjon ved Nord universitet. Leiinga sa nei. Nedgang i søking til medieutdanningane ellers i landet ser ut til å ha stoppa.
Bachelorprogrammet i journalistikk ved Nord universitet har ikkje opptak denne hausten. I staden skulle det vera opptak til eit nytt masterprogram i journalistikk og kommunikasjon frå denne hausten. Slik vert det ikkje.
Les mer- Masterutdanninga vart ikkje akkreditert, og dermed ikkje lyst ut til årets opptak. Årsaka er at ein ikkje rakk å få på plass alle fagpersonane innan kommunikasjon. Det skriv Andreas Førde, kommunikasjonssjef ved Nord universitet, i ein epost til Khrono. Det var utdanningsutvalet ved Nord universitet som sendte saka attende til fakultetet.
Lenge kunne ein ta journalistutdanning ved høgskulane i Bodø, Oslo, Volda og Stavanger. I dag er det OsloMet, Høgskulen i Volda, Universtitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen og NLA av dei offentlege utdanningsinstitusjonane som tilbyr slik utdanning. Bachelorprogrammet i Bodø, som no er ein del av Nord universitet, hadde ikkj