Det var 8. februar Uniforum kunne melda at prosjektet nytt vikingtidsmuseum ved UiO ville gå 1 milliard over budsjettet, Opplysninga kom frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ei orientering til Universitetsstyret. Det nyhendet har også fått regjeringa til å reagera.
Har undervurdert kompleksiteten
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum la i dag fram eit framlegg til revidert budsjett der det er klart at byggherren Statsbygg og oppdragsgjevaren Kunnskapsdepartementet må halda seg innanfor budsjettramma på 2,4 milliardar kroner for bygging av nytt vikingstidsmuseum på Bygdøy. Årsaka til prisauken er at dei har undervurdert kompleksiteten i tryggleiken til samlinga og i nytt bygg, går det fram av budsjettdokumentet.
Det er grunnen til at regjeringa no vil gå prosjektet etter i saumane for å finna ut korleis det kan halda seg innanfor den gjeldande budsjettramma. I mellomtida skal naudsynt arbeid for å sikra samlinga gjennomførast, lovar regjeringa og finansminister Trygve Slagsvold Vedum
- Heile Noreg forlangar å få sjå vikingskipa igjen
UiO-rektor Svein Stølen meiner det er viktig å fylgja opp denne saka.
-Eg tenkjer at me saman må alt me kan for å få redusert kostnadene. Det er samtidig viktig at me gjer alt me kan for å ta vare på den viktigaste kulturarven Noreg har, seier han til Uniforum. Sidan i haust har Vikingskipshuset vore stengt for at arbeidet med bygging av nytt vikingtidsmuseum skal koma i gang.
JUBEL PÅ FØDSELSDAG: 2. september 2019, på UiOs fød