AddToAny

No planlegg UiO framtidas universitetssenter på Blindern

Om tre år skal Blindern vera eit område som yrer av studentliv frå morgon til kveld. Det mest iaugefallande blir ei studentdemokratiblokk på 10 etasjar midt mellom Frederikke og Idrettsbygningen.
Om planane til Eigedomsavdelinga og arkitektkontora Rodeo og Rebuilding får det slik dei vil, kan det reisa seg ei høgblokk på 10 etasjar der dagens mellombygg bind Frederikke saman med Idrettsbygningen. I skisseprosjektet går det fram at bygningen primært vert føreslått som ein eigen bygning for studentane. Det skal bli eit senter for studentdemokrati og foreiningsarbeid. Arkitektane meiner ein slik bygning vil kunna vera med på å få fleire studentar til å vera på Blindern og på den måten skapa eit levande campus.

Prosjektleiar Thomas Forslund Johnsen i Eigedomsavdelinga på UiO synest det er viktig å ha med at prosjektet ikkje er avhengig av den nye høgblokka.

- Prosjektet står ikkje eller fell på grunn av den bygningen i det heile tatt. Det er den mest spektakulære, fordi det er den nye. Den viktigaste er definitivt Frederikkebygningen som blir mykje større gjennom utvidinga av areal mot Problemveien og forsterkar Frederikke som møteplass og sosial arena på campus, slår han fast under eit møte med Uniforum og Universitas på Frederikkeplassen.

I skisseprosjektet tar arkitektane også til orde for at den planlagde høgblokka blir kalla opp etter Noregs første kvinnelege student, Cecilie Thoresen. Høgblokka skal vera i arkitektonisk harmoni med dei andre høgblokkene på Blindern, og utviklinga av ho må gå føre seg i samarbeid med Riksantikvaren og Byantikvaren.

Dette grepet blir dermed det mest synlege når dei over 60 år gamle velferdsbygningane på Blindern kan stå fram i ny drakt ein gong etter 2025. Men det skal skje store endringar innvendig både i den freda Frederikkebygningen, i den bevaringsverdige Idrettsbygningen, og i det freda Kristian Ottosens hus.

- Vil leggja til rette for studentopplevingar

Thomas Forslund Johnsen er svært begeistra både for området og for planane.

- Alle desse fire husa, inkludert Lucy Smiths hus, er felleshusa her på Blindern. Det er her studentar frå alle fakultet møter kvarandre. I dette rehabiliteringsprosjektet er det viktig å leggja til rette for studentopplevingar og tenestetilbod. Også dette med Oslo Science City og masterplanen me har laga kjem inn i dette. Det er ikkje det same prosjektet, men Frederikkeprosjektet konkretiserer mange av ambisjonane som er omtalte i desse planane, konstaterer han.

Forslund Johnsen vil gjerne understreka at dette først og fremst er eit skisseprosjekt.

- Det er også fleire alternativ i dette forslaget. Sjølv om det er fire bygningar som på mange måtar heng saman, er det mogleg å utvikla kvar enkeltbygning for seg, slår han fast.

DAGENS VELFERDSBYGNINGAR: I dag ligg Kristian Ottosens hus, Frederikkebygningen og Idrettsbygningen på ei felles linje på Blindern.Om tre år kan dei tre bygningane også få selskap av ei ny høgblokk som skal liggja mellom Frederikkebygningen og Idrettsbygningen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

- Høghuset er det mest usikre

Thomas Forslund Johnsen er heller ikkje sikker på at det blir gjennomslag for forslaget om ei høgblokk mellom Frederikkebygningen og Idrettsbygningen.

- Så er det

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt