AddToAny

No overtar UiO ansvaret for europeisk Kina-senter

No overtar UiO ansvaret for europeisk Kina-senter
På fredag underskriv UiO-rektor Svein Stølen og rektor Xu Ningsheng ved Fudan University ein avtale som gir UiO det formelle vertskapet for Fudan-European Centre for China Studies. - For oss er dette veldig gledeleg, seier Svein Stølen.
Det var i det siste møtet før nyttår Universitetsstyret blei orientert om at UiO-leiinga og dekanane hadde sagt ja til at UiO skulle overta som vertsinstitusjon for Fudan-European Centre for China Studies (FEECS). Frå 2013 og fram til no har senteret hatt tilhaldsstad på Københavns Universitet i Danmark.

Med på flyttelasset frå Danmark kjem også den daglege leiaren, Chunrong Liu, som blir lønna av Fudan University, medan UiO skal finansiera og tilsetja ein person som skal ta seg av dei administrative oppgåvene til senteret. Det skal lokaliserast hos Institutt for kulturstudium og orientalske språk på Det humanistiske fakultetet. Styret blir sett saman av fem personar frå UiO og fem frå Fudan University, eit universitet som ligg i Shanghai, og som har hatt eit samarbeid med nordiske universitet i 25 år.

Fylgjer normene for akademisk fridom

Det vert understreka at senteret fylgjer UiOs institusjonelle retningslinjer, inklusive normene for akademisk fridom. Meininga er at senteret skal vera ope for alle fagdisiplinar i samfunnsvitskap og humaniora, berekraftig utvikling og livsvitskap/medisin og naturvitskapane.

Fredag 26. februar skal den formelle digitale underskrivingsseremonien haldast med UiO-rektor Svein Stølen frå ei hytte i vinter-Noreg, medan rektor Xu Ningsheng ved Fudan University blir med frå rektorkontoret sitt.

- Kan knyta sterkare band til Fudan

Rektor Svein Stølen ser fram til å få etablert dette senteret på UiO.

- Universitetet i Oslo er eit internasjonalt orientert universitet. Det er viktig for oss å ha eit godt akademisk samarbeid med institusjonar i alle land, så for oss er dette veldig gledeleg. Me kan knyta endå sterkare band til Fudan som er eit universitet som me har hatt veldig god kontakt med gjennom mange år, mellom anna gjennom det nordiske senteret. Dette er ein naturleg del av universitetet sin aktivitet, seier Stølen til Uniforum.

- UiO var høgast på p

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt