Uniforum
21.09.2020
I ettermiddag legg regjeringa fram nye tiltak for 6,1 milliardar kroner for å motverka dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien. Stortingsrepresentant Nina Sandberg (A) saknar ein plan for bruken av den vedtekne støtta til studentane.
Akkurat no presenterer regjeringa nye tiltak og vidareføring av eksisterande ordningar for å bremsa dei økonomiske skadeverknadene av koronapandemien. Mellom tiltaka som skal setjast i verk er ei vidareføring av ordninga med å forlengja permitteringsperioden til 52 veker. I tillegg vert det føreslått å gjennonføra ein ny runde med lønnsstøtte for å ta permitterte arbeidstakarar tilbake i jobb i oktober, november og desember.
Les merRegjeringa ber også Stortinget om å løyva 1,9. milliardar kroner til å stimulera til aktivitetar i kultur-, frivillig- og idrettssektoren, står det i ei pressemelding frå regjeringa.
- Må sjå framover
Finansminister Jan Tore Sanner (H) åtvarar dei som trur at at krisa no er over.
FRAMOVER: - Me må leggja betre til rette for aktivitet og omstilling og i større grad sjå framover, seier finansminster Jan Tore Sanner. Her deltar han på ettermiddagens pressekonferanse om regjeringa sine nye koroantiltak (Foto: Skjermdump)
- Krisa er ikkje over, men me er inne i ein annan fase enn me var i i vår. Det krev at me skiftar modus i kriseha