Eg har i mange samanhengar vore tilhengar av styring nedanfrå i staden for toppstyring, men måten Solberg-regjeringa gjennomførte fusjonsmålsettingane sine innan høgre utdanning og forsking på viser at mangel på nasjonal toppstyring kan vere øydeleggande.
Dei sa at fusjonane fullt ut kunne styrast nedanfrå gjennom at alle frivillige fusjonar skulle applauderast. Da NTNU tok dei på ordet og plukka smågodt rundt omkring i landet (ved å fusjonere inn Gjøvik og Ålesund), øydela dette for strukturen ikkje berre i Innlandet og Møre og Romsdal, men også i Trøndelag med store skadeverknader for Nord-Norge.
Ei av dei få gode grunngjevingane for fusjonsbølga som vart sett i gang, var at sterke universitet kunne støtte og styrke svake høgskular. I Trøndelag slapp NTNU å fusjonere inn Høgskulen i Nord-Trøndelag slik det ville ha skjedd ved toppstyring. Høgskulen i Nord-Trøndelag vart så fusjonert inn i universitetet Nord.
Etter dei vanleg brukte kvalitetskriteriane var dette ein av dei svakaste høgskulane i landet som kunne ha vorte fusjonert inn i kanskje det sterkaste universitetet. I staden vart høgskulen fusjonert inn i det universitetet som var i særklasse veikast. Her enda det altså opp med at den halte skulle støtte den skakke.
Nord som hadde meir enn nok med å kon