AddToAny

Mot rikare delmål å trå

Eit sinne sig ut frå seminarrom og opne kontorplassar på universitet og høgskular. Raknar tilliten til kontroll etter 30 år med New Public Management?
- Konkurranse kan vere bra. Men det er ikkje bra når det blir ein religion.

Tom Are Trippestad er professor på ein høgskule på Vestlandet som håpar å bli universitet. Han er for tida ein av dei skarpaste kritikarane av styringsparameterane som held fram med å heimsøke vårt land. Det får vere nok no, meiner Trippestad.

Styringssystemet i akademia er vindskeivt i forhold til den politiske realiteten. Per Lægreid professor

Nok mål, hovudmål, delmål, slimål, målbare mål for gjennomføring av høgmål og lågmål.

Djevelen ligg i detaljstyringa.

- Det er eit paradoks at ein vil avbyråkratisere, men ikkje ser at det er styringssystemet som fører til auka byråkratisering, seier Trippestad.

- Berre tull, seier Kristin Clemet, tenketankesjef og tidlegare forskings- og utdanningsminister med både mål og styring på rullebladet.

Men meir om det om litt.

Lat oss gjere eit forsøk på kartlegging av frustrasjonen, dette lett skummande sinnet, som hopar seg opp i stat og etat, universitet og høgskular.

Vinden

For ei tid sidan greip Trippestad til satiren for å få utløp for frustrasjonen. I eit innlegg i Khrono lanserte han. Han er ikkje åleine om ty til (galgen)humor.

Førsteamanuensis Trond Andresen på NTNU rådde lesarane av innlegget hans til å satse på det Dilbert-inspirerte (amerikansk teikneserie om dataingeniøren Dilbert) konseptet i møtet med New Public Management på universitetet.

I Trippestads «politikerløft» er tanken å gjere norsk politikk verdsleiande, innovativ, konkurransedyktig og attraktiv på den internasjonale politikkmarknaden. Trippestad lanserer mellom anna ein politikerbidragsindikatorindeks. Han foreslår å fusjonere små og mellomstore parti til meir robuste einingar, og han lanserer måling av politiske slagord.

Det finst rikeleg med ironifrie innlegg også. Om OsloMets. Om. Om Nord og Nesna opp og i strukturreformert mente.

Er kritikken berre små vindkast mot den grunnfesta muren av mål- og resultatstrev i styre og stell? Er det eit skifte som utspelar seg? Er til og med direktørane gått lei?

På NTNU og UiT Noregs arktiske universitet blei det i alle fall frå departementet her om dagen. Rett nok murra dei fordi dei trong meir dekkande indikatorar for å måle fusjonsgevinstar. Men hald fast i cleandesken:

No melder sjølve målepolitiet i høgare forsking og utdanning at dei synest forskriftene i sektoren er blitt for tunggrodde:. Og hald fram med å halde fast. Frå Norges Handelshøyskole (NHH) kjem radarprofessorekteparet Christine Meyer og Victor Norman i desse dagar med 278 sider konkurransekritikk.

Offentleg sektor må få sleppe «såkalla new public management». Sjukehus og universitet må få sleppe «vell av rapporteringskrav, styringsdokumenter, organisatoriske reformer, krav til egeninntjening ()», heiter det i boka «Ikke for å konkurrere».

Fetisjen

- Forskinga blir industrialisert, samlebanda er mentale, seier Trippestad.

- Ein lèt som om idealet er tillit og danning, med planar og visjonar som handlar om dette. Men styringssystemet bygger på økonomisk teori om rasjonelle val, som tilseier at tilsette er egoistar. Det dreier seg om å få egoistane til å auke produksjonen i forsking og undervisning gjennom konkurranse, måling og kontroll.

Trippestad slepper dei små ordbombene sine i ein mild tone, men noko hardare ligg under.

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt