AddToAny

Mi skam

Kvifor kan eg ikkje berre ta litt meir lett på desse jamlege (ned)vurderingane som livet i akademia byr på?
I denne spalta har eg delt bransjeerfaringar med analyseangst, skrivesperre, revisjonssmerter og kjensla av å ikkje vera god nok. Mange har fortalt meg at dei kjenner seg igjen, og andre har kome med forslag: «Løsningen? Kanskje å si til seg selv at 85 prosent er bra nok?» (Aage Rognsaa i Kunsten å formidle forsking. En skriveguide for fagfolk.) Variantar av det spørsmålet har eg stilt meg sjølv mange gonger. Kvifor kan eg ikkje berre ta litt meir lett på desse jamlege (ned)vurderingane som livet i akademia byr på?

Det er 15 år sidan no. Eg stod i gangen på SV-fakultetet og var klar for munnleg eksamen. Dette var avslutninga på seks år med høgare utdanning, og det skulle bli ein stor dag! Eg venta ein toppkarakter på masteroppgåva, men prøvde å innstilla meg på at det også kunne bli B.

Eg hadde planen klar. Neste steg var å bli doktorgradsstipendiat, deretter førsteamanuensis eller forskar i instituttsektoren og til slutt professor. Eg hadde allereie søkt ein stipendiatjobb, og fekk eg ikkje den, fekk eg nok den neste.

Eg tenkte på framtida då døra gjekk opp og den eksterne sensoren gav meg ein lapp i handa. Der stod bokstaven C. Ei kjensle av uverkelegheit hogg i kroppen. Noko var fullstendig gale, men blyantskrifta var ikkje til å ta feil av. Det var som om underlaget vart drege vekk under føtene mine, verda krengde, og plutseleg var det ein rar distanse mellom meg og verda.

«Vil du ha nokre minutt før du kjem inn?» spurde sensor. Eg hugsar ikkje om eg greidde å svara, men det var openbert at eg trong det. Eg stod i gangen i det uverkelege, prøvde å samla meg og få sjokkbølgjene under kontroll. Eg sa til meg sjølv at eg skulle gå inn og snakka meg opp til ein B. Det skulle eg greia, og det var godt nok for stipendiatjobben.

Eg forsvarte meg så godt eg kunne, men det var som å gå i sand og sirup. Til slutt avrunda sensorane det heile. «Me ser at du prøver hardt, men det hjelper ikkje. C-en blir ståande.» Eg gjekk ut av rommet med ei kjensle av det var ein usynleg vegg - ei glasklokke - mellom meg og resten av verda, og bak den veggen var eg heilt åleine.

«Du har ikkje forskarpotensial. Du er ingen forskar.» Orda til sensorane vart sitjande fast i kroppen. Var eg ikkje forskar? Kven var eg då? Det var jo forskar eg skulle bli, det hadde eg visst sidan byrjinga av studietida. Eg hadde alltid vore flink, og identiteten og meininga med livet var for meg tett knytt til det å vera fagleg dyktig. Men alt eg trudde eg visste om meg sjølv og verda, viste seg altså å ikkje stemma.

Eg fekk avslag på jobben på grunn av det formelle kravet om B eller betre på oppgåva. Trass i at dei likte prosjektskildringa og gjerne ville ha meg i jobben. Eg hadde levd på ei løgn, og no hadde eg heller inga framtid.

Vener, kollegaer og familie kom med mange spennande innspel til kva eg kunne bli i livet når døra til forskarverda hadde lukka seg, men det var ingenting eg hadde lyst til, ingenting som dempa kjensla av at alt var meiningslaust.

Og så var det skamma. Eg skamma meg over at eg hadde vore hovmodig og teke toppkarakteren som ei sjølvfølge. Eg skamma meg over oppgåva eg hadde skrive. Eg skamma meg over at eg ikkje hadde forskarpotensial. Men mest av alt skamma eg meg over mine eigne kjensler. Eg skamma meg over at eg var heilt knust. «Typisk flink pike å grina over ein gjennomsnittskarakter. Patetisk. Kan du ikkje berre ta deg saman og finna på noko anna å gjera i livet, slik så mange andre har måtta gjera når dei møter ei stengd dør? Patetisk!» gnog ei stemme inni meg opp att og opp att.

Hausten 2007 fekk eg ei overraskande melding om at dei likevel ville tilby meg stipendiatjobben. Dei syntest prosjektskildringa var veldig god, og oppgåva var i alle fall god nok til at dei ville gje meg sjansen. No er det nesten ti år sidan eg disputerte, eg fyller snart 40 og tittelen «research professor» er kanskje like om hjørnet. Men skamma over både hovmodet og sårbarheita - over at eg ikkje berre kan ta litt lett på det - ber eg framleis med meg.

Les meir:

Image-text:

«Eg skamma meg over at eg var heilt knust», skriv Helga Eggebø. Foto: Karoline O. A. Pettersen

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt