SPENT PÅ RETTSAVGJERD: Isthar Gözaydin må møta i retten i Istanbul i morgon. Vinnaren av UiOs menneskrettspris 2017 håpar at i alle fall utreiseforbodet blir oppheva.
Foto: Ola Sæther
Istanbul:
- Eg er både stressa og spent. For eit par veker sidan følte eg meg mykje betre, men etter kvart som tidspunktet for rettssaka nærmar seg, er eg blitt meir og meir spent, fortel Isthar Gözaydin då Uniforum treffer henne i husværet i bydelen Besiktas i Istanbul dagen før rettssaka startar.
- Håpar utreiseforbodet vert oppheva
Isthar Gözaydin prøver likevel å vera optimistisk.
- Eg håpar alltid på det beste. Det ville sjølvsagt vera at eg ville bli frikjent, men det trur eg ikkje er realistisk. Etter det eg kjenner til, har dei ikkje enno klart å laga ei saksmappe på meg. Men det eg