Khrono
08.12.2022
2022 har vist kor viktig det er med internasjonalt samarbeid, seier ANSA-president Anna Handal Hellesnes.
Bak den 8. luka i Khronos adventskalender er ANSA-president Anna Handal Hellesnes.
Les mer- Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
- Det har vore eit krevjande år for internasjonaliseringa av høgare utdanning. Særleg når regjeringa leverer eit framlegg til statsbudsjett som stengjer dørene begge vegar for internasjonal kompetanse, er det vanskeleg å oppsummera året som noko anna enn det. På same tid er det eit år som viser kor viktig det er med internasjonalt samarbeid, og i det ligg òg internasjonalt kunnskapssamarbeid.
- Kva er det kjekkaste du har vore med på i univer