AddToAny

Martine (24) ville jobbe i fagforbund, men fekk beskjed om at innleige var einaste alternativ

- Fagrørsla har stått på barrikadane i årevis for å styrke arbeidarane og særleg unge sine rettar, og trygge jobbar har vore eit urokkeleg krav.
Medan store delar av fagrørsla ønsker å forby bemanningsbransjen, vil Delta legge ytterlegare til rette for eit useriøst arbeidsliv, seier Moen.

Overraskaskande

I juli søkte ho på ein jobb som rådgivar i fagforbundet Delta og reiste til Oslo på intervju, der ho skal starte på masterutdanning i statsvitskap til hausten.

- Som statsvitskapstudent er det klart det hadde vore ei lærerik erfaring å jobbe i eit fagforbund, seier ho.

Overraskinga var stor då ho oppdaga at ingen representantar frå Delta deltok på intervjuet, berre bemanningsbyrået Academic Work. Dei skal ha sagt at fagforbundet berre var interessert i innleige gjennom bemanningsbyrå.

Delta er det største fagforbundet i hovudorganisasjonen YS, med sine over 81.000 medlemmer i offentleg sektor.

- Eg tok det for gitt at eit fagforbund som organiserer statleg og kommunalt tilsette opererer med ordna forhold, seier Moen.

Parodisk

Stillinga er eit såkalla engasjement med arbeid for Delta si rådgivingsteneste «Delta Direkte», som svarer på spørsmål frå medlemmer og tillitsvalde kvar kvardag mellom klokka 08.00 og 20.00. Utlysinga rettar seg mot studentar som er «fleksibel i forhold til arbeidsdager og arbeidstider».

I stillingsutlysinga er derimot Academic Work Norway AS oppgitt som arbeidsgivar. Det svenskeigde bemanningsbyrået selde arbeidskraft for over 203 millionar kroner i Norge i fjor.

Moen synest det er dobbeltmoralsk at Delta står på krava for eigne medlemmer, men sjølv bruker bemanningsbyrå og mellombelse stillingar. Ho peikar på at delen fagorganisert ungdom er låg og at ungdom er særleg utsette for brot på arbeidsrettane sine.

- Det er parodisk at ein arbeidstakarorganisasjon som skal bistå sine medlemmer i arbeidslivet, behandlar sine eigne tilsette på denne måten. Dette føyer seg inn i ei omfattande utnytting av unge arbeidstakarar, seier 24-åringen.

Saka held fram under bildet.

Moen er sjølv organisert i Handel og Kontor i Norge. Ho er dessutan listekandidat for Agder SV.

- Bemanningsbransjen bør forbys fordi vi gang på gang ser at den bidrar til å oppretthalde eit useriøst arbeidsliv, der både lønna og delen fagorganiserte blir pressa ned, meiner Moen.

Fungerer godt

Delta svarer overfor FriFagbevegelse at dei leiger inn vikarar frå Academic Work ved korte fråver og under ferieavvikling, men at rådgivingstenesta deira har elles har tilsette med faste og heile stillingar.

- Kvifor leiger de inn tilsette gjennom bemanningsbyrå i staden for å tilsette dei sjølv?

- Academic Work har tilgang til gode kandidatar og er profesjonelle både i rekruttering og oppfølging. Det er ei løpande vurdering Delta gjer i samarbeid med våre tillitsvalde, om vi skal tilsette tilkallingsvikarar sjølv eller om vi skal bruke Academic Work. Vi meiner ordninga fungerer godt for vikarane og for Delta, svarer avdelingssjef for HR og organisasjonsstøtte i Delta, Marte Madslien, i ein e-post til FriFagbevegelse.

Delta har samarbeida med Academic Work i ni år, opplyser forbundet. Ved lengre fråver blir vikarane tilsette direkte i Delta.

Bidrar til fleksibilitet

Dei innleigde er studentar på kontraktar med ei lengde som varierer frå seks til tolv månader. Forbundet har no fem personar som jobbar på tilkalling for Delta gjennom bemanningsbyrået, medan to vikarar er tilsette direkte i Delta.

- Då står dei fritt til å jobbe mykje i feriar og å ikkje ta vaktar i eksamensperiodar, forklarer Madslien.

- Er de ueinig i kritikken om at denne praksisen står i eit motsetnadsforhold til Delta sitt arbeid for trygge jobbar?

- Ja. Dei som jobbar hos oss gjennom Academic Work har jobben som sidejobb, medan masterstudiet har hovudfokus. Ordninga bidrar til å gi dei nødvendig fleksibilitet til å kunne prioritere studia, samtidig som dei får relevant praksis under ordna forhold.

Forbundet viser til at vikarane har same lønns- og arbeidsvilkår som dei fast tilsette, i tråd med lover og reglar, og at fleire av studentane har fått full stilling i Delta etter studia.

Gå til mediet

Flere saker fra HK-Nytt

Nå skal et nytt utvalg undersøke sammenhengen mellom kvinners arbeidsliv og helse.
HK-Nytt 18.03.2024
HK-Nytt 18.03.2024
I lønnsoppgjør skal fagforbunda sørge for at arbeidstakerne får sin del av kaka. Her har du en innføring i årets lønnsoppgjør.
HK-Nytt 18.03.2024
Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk har blitt 60 år. Les om hvordan Akan ble til.
HK-Nytt 18.03.2024
Fast eiendom
HK-Nytt 18.03.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt