Fagbladet
30.09.2020
- Vi er alle like viktige, anten vi er sjukepleiarar eller bussjåførar, seier Marit Solveig Nedrebø. Ho er begge delar.
Kvardagen har blitt litt meir stressande etter at busstreiken spreidde seg til Vestlandet laurdag.
Les merSjukepleiar Marit Solveig Nedrebø (48) må køyre barna til skolen sjølv etter at skolebussen slutta å gå.
- Vi måtte sette foten ned, seier Nedrebø om bakgrunnen for streiken.
Ho er nemleg også bussjåfør. Etter at ho vart permittert frå jobben i Firda Billag i mars, har ho jobba som vikar på sjukehuset i Førde.
Streikar for bransjen
Burde bussjåførane gått ut i streik og skapt fleire problem i ein kvardag allereie prega av k