I universitetsbyane Oslo, Bergen og Trondheim er det først og fremst uoffisielle festar og samlingar etter dei offisielle faddevekearrangementa som har fått den hardaste medfarten. Resultatet så langt er at ein student ved Universitetet i Bergen og ein student ved NTNU er blitt smitta dei siste dagane.
- Handlar om liv og død
Helse- og omsorgsminister Bent Høie såg svært alvorleg på dette.
- Om smitten aukar mykje, må me stengja landet igjen. Ingen unge vil det. Mange veit ikkje at dei har koronaviruset og spreier det utan å vita det. Du kan i verste fall senda vennene dine til sjukehus. Og du risikerer at institusjonen du studerer ved må stengja dørene. Og om du ikkje vaskar hendene, kan dine venner og familien din bli smitta. Det handlar om liv og død. Ein einaste person kan spreia smitten til mange. Og ein einaste person kan stansa smitten, konstaterte han.
- For mange folk og for kort avstand
Høie var tyd