Vi ser tendensar til at språkkonfliktane blomstrar Ann-Kristin H. Gujord Førsteamanuensis, UiB
Saman med kollegaer som arbeider med norsk som andrespråk på UiB står ho bak ein ny studie som har undersøkt korleis det står til med det norske språket blant dei internasjonalt tilsette på norske universitet og høgskular. Det er første gong ei slik undersøking er gjort i Noreg.
Motivert - manglar tilbod
Forskarane har i tillegg til ei omfattande spørjeundersøking på 12 norske universitet og høgskular, intervjua internasjonale forskarar frå ulike stillingskategoriar om den språklege praksisen deira.
Undersøkinga viser at mange internasjonale er motiverte for å lære norsk, men opplever at det er lite tilrettelagt på arbeidsplassane for å gjere det - trass i at mange institusjonar har hatt språkpolitiske retningslinjer med krav til norskopplæring.
- Dersom ikkje institusjonane har retningslinjer og implementerer desse, er konsekvensen at ein stor del av dei tilsette i akademia ikkje kan norsk, seier Anna-Marie Kjøde Olsen, universitetslektor og ein av dei andre som har jobba med undersøkinga.
Sjeldan undervisning på norsk
Re