- Munnbind er ikkje eit alternativ til å halda ein meter avstand til andre menneske. I situasjonar der det kan vera vanskeleg å halda avstand, må folk vera førebudd på at det kan koma ei tilråding. Det vil koma meir detaljerte råd fram til 14. august, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie. Samtidig varsla han at det vil bli forbod mot alkoholservering etter midnatt i heile landet frå og med denne helga.
Neste veke kjem både nye og gamle studentar tilbake til universiteta og høgskulane. Dei nye studentane startar som regel med fadderveker. Og det fører til ei viss uro hos avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet:
- Eg ser med uro på faddervekene. Derfor åtvarar me mot store arrangement blanda med alkohol.De