Fagbladet
18.08.2022
Det må kome klare løysingar til vanlege folk: Straum, matvarer, drivstoff, fastlegeordninga og renta. Og Ap må få betre fram det dei har levert. Det seier fleire av Fagforbundet sine regionsleiarar.
Arbeidarpartiet får ei oppslutning på rekordlåge 19 prosent på meiningsmålingane. Fleire av Fagforbundet sine regionsleiarar har to klare råd til eit Ap som har mista tusenvis av veljarar.
Les mer- Trygg vanlege folk
Leiaren i Fagforbundet sit i sentralstyret til Arbeidarpartiet. Fagforbundet og dei andre LO-forbunda er regna som grunnfjellet til Ap. Marianne Nilsen Skjønstad er regionleiar av Fagforbundet Vestfold og Telemark:
- Ap må bli tydelegare på varige løysingar, slik at vanlege folk blir trygga: Fastlegeordninga, straum, bensin/diesel-prisar og renteauke, svarar Skjønstad.
Leif Martin Kirknes
Meine Ap må løyse kvardagsproblema
Ho får støtte frå Helene Harsvik Skeibrok, leiar av Fagforbundet Innlandet:
- Ap