Det er den verste valdsdåden som har hendt i Noreg etter Den andre verdskrigen. Terroristen Ander Behring Breivik blei funnen skuldig og dømt til 21 års fengsel med høve til forvaring så lenge det er behov for det. Truleg vil han sitja i fengsel resten av livet, noko han absolutt fortener.
Etter den grusomme hendinga, trudde me ikkje noko liknande ville skje igjen. Men august 2019 tok Philip Manshaus livet av den kinesiskadopterte systera si før han prøvde å ta livet av dei som var til stades i moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum. Berre to snarrådige, sterke gamle menn klarte å hindra at udåden blei større ved å overmanna terroristen og leggja han i bakken, slik at politiet fekk ei lett oppgåve med å arrestera han og ta han med til fengselet. Han blei dømt til 21 års forvaring.
Begge desse terroristane har og hadde ein høgreekstremistisk og rasistisk ideologi som rettesnor for brotsverk