Kvalitetssystema som blir utvikla for universitets- og høgskulesektoren i Noreg skal vise til kvaliteten både slik han er og slik kvaliteten kan og bør bli. Difor må kvalitetsarbeidet gje rom for tilbakeblikk, samstundes som ein skal sjå framover. UH-sektoren er prega av stadig raskare endring, stadig meir aktiv tilpassing til samfunnet sitt kompetansebehov, og stadig forbetring basert på sektorvise og interne målingar. Dette gjev særleg gode grunnar for at utviklingsaspektet bør få større plass enn tilbakeblikket. Samstundes må ein kjenne godt til kvalitetane ved eigne studieprogram for å definere gode tiltak for forbetring og vidareutvikling. Evalueringsteoretisk heng det formative perspektivet tett saman med det summative perspektivet.
Nokut finn at UiS per i dag ikkje har eit kvalitetssystem som kan sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane på godt nok vis. Dette ser me på med stort alvor, og no er me i ferd med å etablere snarlege og djupe tiltak for respons og forbetring. Samstundes er det grunn til å minne om at rapporten frå Nokut ikkje handlar om at kvaliteten er dårleg i sjølve studia ved UiS. Det som manglar er eit godt nok system for å handtere tilbakemeldingar og andre data frå utdanningsaktivitetane og rapp